Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Dalefjellet i Jølster

Date:
16.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
6.8km

Johan var på tur og i farta forbi Sunnfjord, der eg fekk melding og spørsmål om dagens tur var tenkt! Starta frå parkering og bom i Årdalsdalen, gjekk inn til Fremstestøylen og følgde merkinga og ryggen opp ved Torsbotn og Støylsgrova. Mykje snø ligg att endå men superfint å gå på snøfonnene. Møtte ein sauebonde nede i dalen som lurte på om vi hadde sett sauer oppe i høgda! Han var litt fortvila over dyra sine som ikkje visste heilt kor dei skulle gå pga. snømengder.... Turfølge Johan S.

Map    

Hafstadfjellet

Date:
15.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
9.2km
Map    

Holten-Larstunsstøylen

Date:
13.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km
Map    

Endeleg Store Hestbreapiggen ilag med Stein P. & Geir Arne M

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
22.1km

Etter fjorårets flotte rundtur på Hestbreapiggane ilag med Geir Arne, satte skodde og skisko ein stoppar for å nå Store Hestbreapiggen via eggen. Den satt langt inne...100 argument og overbevisningar fram og tilbake....den tar vi jo selfølgeleg att og fjellvett gjeld endå!! Så kom meldinga frå Geir Arne...når har du tid til Store Hestbreapiggen? Ferietid og ikkje tung å be :) Vi var tre som la iveg og som såg fram til denne fine toppen og eggen. Vi fekk campa på Netosætre etter å ha gjennomgått sikkert den første storstilte promillekontrollen i historia... til den litt avsides liggjande men flotte Kvanndal! Førarkort og blåsing på alle tre...Fint var det, då eit par smilande politimenn kom til konklusjonen at vi var då likandes fjellfolk ;) Grunnen for aksjon var krypskyting >>>

Map     4 comments

Skardtind 1883 moh ++

Date:
11.07.2015
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
31.0km

Etter rundtur på Hestbreapiggane i 2014. måtte vi sette att hovedtoppen Store Hestbreapiggen 2172 moh pga skodde og sleipt snøføre. Den satt langt inne... det var rett og slett ikkje forhold til å nå toppen utifrå ver og utstyr!! Men skjønt einige var vi at den jammen skulle takast ved første høve i beste tid og fellesskap :) Denne helga passa for mange til ulike turvariantar...og veret var ikkje så ille meldt! Søndag var plan om å nå Store Hestbreapiggen. Brit Siv skulle starte ferien sin med sti sykling i Oppdal og vart med meg til Vågå der vi telta nær Finndalen og utgangspunktet for lørdagens 1800 moh topper ilag med Geir Arne.

Map    

Havstadfjellet

Date:
10.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
9.2km

Map    

Sanddalsfjellet og framleis topp skiforhold

Date:
09.07.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.8km

Ferdig på jobb og fine lyse sommar kveldar. Endå superfint med toppturar på ski i Jølsterfjella, utan å måtte bære skia for langt. Fin kveldstur ilag med Brit Siv

Map    

Larstunsstøylen og Holten

Date:
08.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km
Map    

Hatlesetnipa og treningstur

Date:
07.07.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.6km

Fint fjell terreng å springe i....det har regna godt dei siste dagane så det var ganske sleipt. Såg ut som eg hadde prøvd heilkroppsleg gjørmebad etter endt tur!! :) Godt ingen var vitne til det synet! Sjølv om det mest sannsynleg hadde vore eit svært så morosamt skue.... ;)

Map    

Kletten i Flora ein søt liten topp!

Date:
07.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
4.1km

Tok av frå Eikefjord og køyrde mot Stavang ca 8 km. I kryss tok vi av til venstre mot Sandvik og køyrde vegen til endes og til Kvalsvik. Fint å parkere på slutten av vegen og eit flott utganspunkt til Kletten. Prata med ein eldre mann som ilag med dei to andre brødrene sine, var dei einaste fastbuande der no. Fekk forklart at det var berre å følge skogsvegen rundt fjellet og så følge ein fin rygg og sti til toppen. Ein utruleg flott liten topp! 1000 mygg gjorde opphaldet og tid til å nyte utsikta kort!!

Map     3 comments