Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Skjerveholten

Date:
25.12.2024
Distance:
3.2km

Map    

Olahansfjellet & mange fine på tur! Lille julaften!

Date:
23.12.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.6km

Fin tur på føremiddag og mange kjente trivelige på tur! Også kjente ungdommer tok både ein og to turer denne dagen opp mot Olahansfjellet. Vi var førstemann på toppen idag og fekk nyte skuet av reinsdyrflokken på passelig fin avstand. Det er alltid eit syn som berører hjertet! Ekstra sterkt når ein ser framtida og utviklinga.

Map    

Endelig Julestemning! & obs tur!

Date:
21.12.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.6km

Mykje jobb for tida & langvaktene står i kø! Refleksjon til det er at det er frivillig og at ein skal være glad for at ein faktisk kan jobbe! Det setter også friluftslivet & livet i eit fint perspektiv. Eg setter pris på dei kontrastane i veldig stor grad. Denne gang har eg fri vesle & julafta etter å ha jobba dei tider dei tre siste åra. Når det kvite gull slår til imellom plikter! Då er det berre å komme seg opp i høgda for å nyte tida & skumringstimen. Tida til juleforberedelser, jobb og obs tur ilag med Brit Siv er gull :) https://www.youtube.com/watch?v=E8gmARGvPlI Det er jo jul og då var det også stas å sjå dokumentaren om Last Christmas med Georg Michael - Wham. Den er jo berre legendarisk! :)

Map    

Skjerveholten

Date:
13.12.2024

Map    

Skjerveholten

Date:
10.12.2024

Pausetrim i langvakta!

Map    

Store Rånen- Værlandet/ Askvoll

Date:
07.12.2024
Distance:
2.0km

Etter tur på Høgkletten var det fint å ta turen vidare til Store Rånen 104 moh. Dette er også eit særeige lite fjell. Har gått fjelltoppen tidlegere med rute rett opp mot front. Fin konglomerat rygg å klyve. Fantastisk fint å lytte til havet som bryt øyane i jamne havdønninger ifrå toppen! Det var rolege forhold denne dagen. Mot Høgkletten 163 moh og Båtekletten 117 moh

Map    

Høgkletten - Askvoll

Date:
07.12.2024
Distance:
1.9km

Tur til Høgkletten før trivelig jule sammenkomst! Det er noko eige med øyane der vest ute i munningen av Sognefjorden.

Map    

Dyrehovden - Askvoll

Date:
07.12.2024
Distance:
2.6km

På veg ut til Værlandet og tid til ein kort beinstrekk oppom Dyrehovden før ferja ifrå Askvoll og utover til Værlandet.

Map    

Kupenovi & Storaskornosi - Luster- Der ingen skulle tru at..

Date:
04.12.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
12.1km

nokon kunne bu! :) Stas å hente fram tur rapporten igjen ifrå 06.07.2019 etter å ha sett nrk sin sesong serie 2024 med; Der ingen skulle tru at nokon kunne bu ifrå dette fjellområdet! :) Har stor sans for formidlinga i akkurat denne serien. Etter å ha sovet over på Sognefjellet. Var det fint vidare, med tur i lågare fjell med nydelig skue over Lustrafjorden. Fjellområder som er av det stor slåtte slaget! Det er alltid stas å få oppleve fjella som ville og nesten urørte! Dette er ingen selfølge lengre med alle planane over vindturbin areala som er planlagt i alt av fjell og naturområder. Glad for alt eg kan lagre i minnet mitt av naturlige natur & fjellminner. https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/sesong/23/episode/DVFJ65100224

Map     3 comments

Eikåsnipa ein blå dag! :)

Date:
03.12.2024
Distance:
5.2km

Tur på Eikåsnipa før kveldsvakt. Nydelig, kaldt ver med blå himmel og sol som varma bittelitt. :) Nokre få blå på gradestokken. Fint å russle rundt i skogen idag, for å finne ut vidare kor ein kan tynne krattskog til eit litt meir opent nedrenn på ski ifrå Eikåsnipa.

Map