Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Gullfjellet og hjertetur

Date:
10.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:52h
Distance:
11.3km

Dei to "ungdommane" mine er gjennomsnittleg og passeleg interessert i friluftsliv. Ho likar rolege fine fjellturar og han er over snittet interessert i fiske. Mine rastlause "gener" er eg åleine om...men heldigvis er det velsigna greit ifrå dei begge :) Miriam sto litt på brett i skisenteret då ho var liten. Sidan vart det ei ungdomstid...!! No er ho snart 22 år og interessa er tilbake og det er til stor glede for eit mammahjerte :) Eg har ikkje pressa på dei med mitt turliv meir enn høgst nødvendig!! Men ofte har eg følt at det kjennast egoistisk å suse rundt i fjella, løp, trening og andre fine turar ilag med venner og kjente åleine. Så ekstra stas var det når ho fanga opp Sandfjellet som lørdagens turmål, i strålande sol. Eit fjell eg har fortalt mykje >>>

Map     3 comments

Høgefjellet 985 - Jølster

Date:
08.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:43h
Distance:
6.1km

Ferdig på jobb og klar for å utforske nye spor. Vi har begge sett lenge på dette området og plutselig var berre øyeblikket der. Litt nysnø i løpet av dagen gjorde det ekstra lekkert :) På veg oppover såg vi litt på nedfarten vidare ifrå den øverste enslige Støylen. Planen var å skråe seg ut i nesten bein linje mot sporet der vi sto på veg oppover. I mørkna og i ukjent område, havna vi litt for langt ned under Støylen. Som førte vidare til ei ganske så interessant skogskøyring og i eit bratt juv. Men dette er jo det som er kjekt med å utforske nye marker... Takk for fin tur ilag Brit Siv F.

Map    

Sandfjellet eit eventyr av ein ski majestet - Førde/Naustdal

Date:
06.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:51h
Distance:
11.0km

Wilderness created by the gods. It was made for all of us ... I think it's part of our soul who needs it. Someone needs it more than others ... Jeremy Jones Ferdig på jobb og det er eit nytt øyeblikk for å nyte vinterkulda, ein klar himmel, lyset, naturen og vennskapet. Med all verdens tid til å kunne fange øyeblikka på kameralinsa, hjertet og i sinn. Takk for ein strålande tur ilag Brit Siv Fimland

Map    

Eikåsnipa

Date:
02.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Eikåsnipa

Date:
28.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Eikåsnipa

Date:
27.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Eikåsnipa

Date:
26.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Steinegga-Jølster/Førde Ein strålande dag på alle vis :)

Date:
25.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:42h
Distance:
8.7km

Etter først å ha vurdert tur ilag med Miriam og Kenneth på Olahansfjellet, for så vidare Bolsetnipa. Vart det heilsnu ned igjen mot nedrebygda og Steinegga, som låg bada i sol. Det hadde tjukna til med eit skylag i indre bygda. Miriam og Kenneth hadde likevel sin første strålande tur på Olahansfjellet på brett. Ekstra stas å høyre dei gode tilbakemeldingane ifrå ungdommen etter turen :) Vi avslutta ein fin dag med ein utruleg flott brett og fjelldokumentar, Higher med Jeremy Jones. Deeper og Further er like bra ifrå fantastiske fjellverdener! Må berre legge ved ein link og filmane ligg ute på netflix. https://www.bing.com/videos/search?q=jeremy+jones&&view=detail&mid=7621BA29A0054EB08D497621BA29A0054EB08D49&rvsmid=DDFDC8C40ACC97B40713DDFDC8C40ACC97B40713&FORM=VDQVAP Steinegga hadde eg for meg sjølv til toppen i dag! Ganske så hærleg å trøkke på litt oppover i sola og stilla.

Map    

Eikåsnipa og drømmeforhold...

Date:
23.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Map    

Eikåsnipa

Date:
22.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Eit sjeldan bra føre ifrå bunn til toppen av fjellet i dag :)

Map