Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vesle Olahansfjellet/Jølster

Date:
09.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.4km

Det vart mange fine kjenningar på tur ilag idag :)

Map     1 comment

Åsfjellet /Sandbotsegga - Jølster

Date:
06.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.6km

Fin tur 18.11. 17 ilag med Brit Siv Fimland Ola Nygård og Lillian Alice Sætre

Vannski og hjertetur til Eikåsnipa!

Date:
06.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Rufsetur på Eikåsnipa...! Var litt usikker på om eg skulle luffe oppover idag etter jobb! Skodda låg tjukk og eg hadde stor bruk for oljehyre! Gore-Tex var ikkje tema eingong...Men mykje ekstra julekav på jobb for tida medfører berre eit stort behov for å koble om til fred og ro. Så det tok ikkje så mange minutta i overveielsesfasen :) Eg er glad for at eg hadde glida skia mine søndagen, det minte meg nok litt meir om ein vannskitur. Flotte slush svinger vart det iallefall på heimtur :)

Map     1 comment

Tortnegrøegga 1414 i god Sunnfjord ånd!

Date:
04.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
11.4km

Ein strålande søndagstur 19.11.17 i Jølstrafjell... Selfølgelig! :) Turfellesskapet er ganske så fint her i Sunnfjord. Solide bautaer er gode på å inkludere for ein og samme fine lidenskap! Det omhandlar ski/fjell og turlivet generellt. Ingen opptakskrav i dette miljøet :) https://www.friflyt.no/Ski/Guiden-til-Sunnfjords-fineste-toppturer Takk for fin tur Ingvald Kvåle, Tom Richard Grimstad, Lillian Alice Sætre, Brit Siv Fimland, Ola Nygård, Gudrunn Berntsen, Mariann Bruland og Ivar Johan Vågen

Map    

Eikåsnipa

Date:
04.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Eikåsnipa

Date:
03.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km
Map    

Olahansfjellet/Jølster

Date:
02.12.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:41h
Distance:
11.0km

Etter strålande dagar, måtte det komme litt mildver! Brit Siv har starta sesongen med å rapportere inn skredobservasjoner. Har vore med på mange nok av dei turane og veit også at det tek si tid. Så eg pakka ned rikelig med kle, sidan eg også sannsynlegvis er den største frostpinnen som finnast!! Temperaturen var idag -1 i Førde og -1 i Myklebustdalen ved start, og det yra og småregna heilt til topp`s. Heldige var vi idag, ein særdeles sprek kar ved navn Mikael, hadde nok vore til toppen to ganger og laga fine spor. Ellers noko klabbeføre på fellane oppover og nesten so at eg måtte stake meg nedover. Greit med trått føre, men no er nok-nok... 3 år har eg vel tenkt på behandling av skia, no skal dei glides på søndagen! Eg valgte å luffe heilt til toppen, medan Brit Siv spadde >>>

Map    

Kvitsvornipa/Sølvet i Jølster og tidenes ski eventyr!

Date:
30.11.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:16h
Distance:
14.6km

Siste dag i november og nydelege forhold på alle vis. Nok snø, pudder og silkeføre, blå himmel, stjerneklart, stille og nesten ein fullmåne. Arbeidsdagen min starta med skitur og det vart ein stor opplevelse! Dagen den fortsatte vidare med tidenes ski eventyr, og inn i det eg synast er ei av dei vakraste perlene i Jølster. Vi fekk kveldslyset, ein ildrød solnedgang, stjerneskudd over himmelen, ei tydelig karlsvogn og måneskinnet til toppen. Ingen av oss hadde hast med tida, det var berre å nyte øyeblikket! Det vart tidenes lengste hærlege nedrenn og tur ut Ålhusdalen ifrå Syskarnipa, i den aller finaste snøen. Det varte og det varte... Takk for fin tur Brit Siv F https://www.youtube.com/watch?v=J6ZWlDks0nQ

Map    

Vesle Olahansfjellet/Jølster

Date:
30.11.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.7km

Ein fin tur på føremiddag i strålande vinterver. Mange skispor etterkvart, men endå plass til nye spor...

Map    

Kveldstur på Sandfjellet 1249 Naustdal/Førde

Date:
29.11.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.0km
Map