Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ein av dei store! Maradalsryggen & Skagastølsryggen!

Date:
08.07.2023
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
28.9km

One, two... https://www.youtube.com/watch?v=f3cecpC75vw Three...Talk about a dream! :) Dette er ein tur som er tenkt og planlagt i eit godt fellesskap og vennskap for lenge sidan. Vi har venta med dette fjellmålet med respekt for kvarandre! Sjølv om vi ville enkeltvis kunne nå ulike mål på denne turen isolert sett! Men, vi ville vente ilag på det rette øyeblikket og gjennomføre turen ilag. Brått var der eit vervindu! Svein sende melding ifrå hytta si på Turtagrø. Han hadde ferie! Eg skulle ha arbeidshelg og visste at det var strålande meldinger i høgfjellet. Korleis skal eg angripe denne lysta! Eg måtte berre sende ei melding til min då reddande jurist kollega som jobba helg i psykiatritenesta. Kan vi bytte helg?? Ja, det kan vi! Klart du må komme deg på klatretur i det fine veret! Eg trur faktisk eg var stum ei stund! >>>

Map    

Gjertvasstinden & Styggedalstinder- Legendarisk nattur!

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
12:40h
Distance:
24.6km

Gjertvasstinden i Hurrungane er vel kanskje den toppen av alle dei store eg har lengta mest av alle å nå toppen på! Eg har høyrt mykje fint om dette fjellet, av dei eg kjenner! Som har vore på desse tindane. Store Skagastølstinden er ein bauta, med eit stort besøk! Sjølv var eg heldig å nyte denne toppen nesten heilt åleine ilag med Svein for nokre år sidan. https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21.html Men, etter turen på Gjertvasstinden, så er det og blir det den største favoritten i dette området så langt! Etter Alpeturen ifjor sommer med Mont Blanc. Hadde me tanker om ein samlingstur i Hurrungane med ei helg på toppane av desse tindane. Når den eine av gutta sender ei melding om at tur er ønskeleg, ved beste anledning til eit fjellområde som står på ønskelista. Så er ein heller ikkje så tungbedt om å rydde >>>

Map     2 comments

Gran Paradiso - Italia

Date:
16.08.2019
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
20:10h
Distance:
20.6km
Map    

Mont Blanc - Det kvite fjell! På toppen kl 10.00 14.08.19

Date:
14.08.2019
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
26:36h
Distance:
24.5km

Akkurat denne pakkinga synest eg er fabelaktig fin :) Mine tanker er at høge fjell har gått meg fint i blodet :) Mitt første høge fjell var Aconcagua Vi måtte snu pga storm og 30 - på 6700 moh og toppen vart ikkje nådd. Men dragninga og den djupe følelsen hadde lurt seg inn! Mont Blanc/Det kvite fjellet har eg tenkt nokre år. Men ulike grunner har utsett den opplevelsen. Det er noko eige med høgda og fjella! For min sin del, så trur eg det handler om respekt for naturen og dei enorme kreftene. Det å kjenne kroppen jobbe, noko som den er skapt for. Er ein stor følelse og i høgda må du lytte ekstra til kroppen din som du har eit livslangt forhold til. For meg er dette terapi, fordi ein tømmer hjernen av alle trivelle greier i kvardagen! Du har kun deg sjølv, kroppen, naturen >>>

Map     11 comments

Tilbake etter Nørdre Sagi & Sagi N2

Date:
13.07.2019
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
9:49h
Distance:
22.0km

Takk for strålande tur ilag Helge

Map     2 comments

Tango for to - Austanbotntindtraversen

Date:
27.08.2017
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
9:48h
Distance:
10.7km

Strålande vermeldinger ved Sognefjellet denne helga. Det kribler etter å komme seg opp i toppane, klatre og traversere fine tinderygger. Ein kjenner det i blodet og savner så vanvittig den følelsen når det gått ei stund sia sist. Ein er berre rastlaus og får ikkje ro i sinn og kroppen før ein er der og får nyte spenninga og det vakre av det vakraste! Austanbotntintraversen har eg tenkt på lenge. Svein har eg vore på mange fine turar ilag med som t.d Aconcagua, Smørstabbtindtraversen https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html og mange andre fine fellesturar :) Eg sender ei melding...kor er du i helga ? Turtagrø på hytta ilag med Knut. Denne fjellrunda sto på lista til oss begge, Knut hadde klatra den traversen ein gong for lang tid sidan og kanskje fleire! Men var villig å være med oss på ei runde til :) Takk for ein >>>

Map     4 comments

Hurrungane - Store Soleibotntinden ++

Date:
26.08.2017
Characteristic:
Alpine trip

Svein og Knut hadde vore på Store Skagastølstinden fredagen, i tidenes september godver! Eg var ferdig på jobb og rakk ein rask tur oppom Eikåsnipa før eg susa inn mot Turtagrø. Ei hærleg helg med tinder og godver var i vente :) Svein som eig hytta på Turtagrø, måtte tilbake på politikerstand lørdag i Jølster. Så eg og Knut fekk fredagskvelden med god fjellprat og tida til å tenke tanken på lørdagens rundtur over Soleibotntinder. Austanbotntindtraversen var planlagt søndag, og når Svein var ferdig med sine politiker plikter lørdagen. Ein nydelig dag med solvarme fjell, blikkstille på toppane og mange trivelige mennesker å treffe på tur! Sporloggen fant eg ikkje, men blir lagt ved når den er funnet :) Takk for strålande dag i fjellet Knut Skurtveit

Map    

Ein Heftig og nydeleg Smørstabbtindtravers!

Date:
25.05.2014
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
15:00h
Distance:
20.3km

Eit eventyrleg år så langt med finversdagar i fleng, uvant kost for ein vestlending :) Etter ei runde rundt Smørstabbrean forrige helg, var det fristande å ta med resten av toppane denne helga. Svein, Stian og Mona var komt på hytta, eg reiste seint inn fredags kveld etter jobb. Rask avgjerd! Det var meldt litt regn på morgon, men så skulle det bli strålande ver igjen!! Lørdagsmorgen låg skodda temmeleg tjukk rundt teltet mitt, tenkte att det ville bli betre ut på dag. Her var det berre å få i seg havregryna, og få med alt som måtte til for ein lang dag! Denne turen såg eg virkeleg fram til med ei litt skrekkblanda fryd :) Visste det ville bli litt ekstra utfordring med ski over ryggen og med ekstra tung sekk og klatreutstyr. Men det er lyst lenge no og det handler om å gje >>>

Map     2 comments