Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Løpstur til Hatlesetnipa!

Date:
05.04.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km

Etter ein strålande dag ilag med Miriam heime i Jølster og på Eikås. Susa eg vidare ut mot kysten! Veret slo heilt om, betre enn det som var meldt! Det vart blå himmel, sol og sommerlige temperaturer! Då var det ikkje vanskelig å bestemme seg for å nyte dagen vidare! Fin løpstur til toppen! Trivelig treff i returen var å stoppe opp litt å preike med Arve Sandal https://reinluksus.wordpress.com/ Artig at dei også hadde observert ramsløken på den eine staden til denne toppen :)

Map    

Søndags "syssel" på Eikåsnipa & Uppstunsstøylen

Date:
05.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Fine dager mot påske! Etter gårsdagens tur på Eikåsnipa ilag med Miriam og to kamerater. Var tanken denne søndagen å måke taket på støylen før mildveret skulle slå inn...Vi russla til toppen først. Etterpå fekk vi spadd unna noko snøtyngde på stølstaket på heimtur. Vi traff også på ein kjenning som hadde ein tanke om å nyte ekstra det fine føret i fjellet før regnet.

Map    

Då var påska igang med sjølvaste Eikåsnipa...

Date:
04.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Dei to siste dagane har vore magisk på ski til toppen! I løpet av natta og morgonen hadde det lagt ned ca 10 cm nytt pudderlag! Noko som nesten hadde viska ut alle spora ifrå gårsdagen. Fjellet hadde nye blanke og kvite ark! Miriam ville på brett og hadde to kamerater som ville være med. Første gang på Eikåsnipa var det for dei gutta boy`s. Kjekt at dei fekk oppleve fjellet under desse nydelige forholda! https://www.youtube.com/watch?v=TiCxqhu9cio

Map    

Sjølvaste Eikåsnipa...

Date:
03.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Mange på toppen idag! :)

Map    

1001 eventyret - Ålfoten- Nord for Tvillingtjønna

Date:
30.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:09h
Distance:
24.1km

1001 fjellet var naturopplevelse eg hadde drømt om. For eit fantastisk fjell og eit legdeområde! Berre det å sjå på kartet for området forteller meg om eit eventyr av det sjeldne! :) Gode meldinger for store deler av dagen, etter mykje ver og vind! Då må ein berre hive seg rundt å nytte veret og ikkje minst forholda! Det var ymse føre lengre nede i lia som gjorde til at ein var noko usikker på kor vidt det ville svare seg å fortsette! Men når ein er strøten nok! Så lønner det seg :)

Map    

Skarpefjellsnakken - Masfjorden

Date:
29.03.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
2:44h
Distance:
6.9km

På heimveg til Jølster, vart det ein beinstrekk til Skarpefjellsnakken! Tette snøbyger med kraftig vind var ingen hindring. Det er ganske fint med dei turane også. Det er ikkje alltid ein treng den gode eller fine utsikta ifrå toppen. Fordi det berre er så hærleg også å kjenne på vær og vind! Det vart ein fin luffetur på truger ilag med Inge.

Map     2 comments

Tømme vinteren i ei elv!! Løpstur til Mostøylen

Date:
24.03.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
3.8km

Skogsvegen er framleis ikkje lik seg etter alle rasa her i fjor sommer! Store nedbørsmengder idag og mildt. Men av ein eller anna grunn liker eg godt å springe akkurat denne no så urete vegen. Det er ikkje så monotont og ein må konsentrere seg å "jobbe" med konsentrasjonen og berre være tilstades, akkurat der og då. Fint er det å sortere tanker og planlegge dagane! Det er ingen krevjande og spektaktulær tur! Men ein enkel og fin måte i kvardagen til å halde den gode begvegelsen også for dei gjerne større turane seinare :) No i desse coronatider har eg stort sett den øydelagte skogsvegen for meg sjølv! https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ https://www.instagram.com/paulnicklen/

Løpstur til Sanddalen

Date:
22.03.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
16.4km

Løpstur ilag med Miriam

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
9.6km

Fin løpstur i langfripausen min. Nydelig ver på føremiddag, skya til ut på dag! Miriam måtte snu tilbake og heim etter ei stund.

Ingen ord som beskriver lykkefølelsen & freden.....

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

I eit øyeblikk som dette :) Ein fin morgentur før langvakt. Skareføre med eit lite dryss av snø til oppom støylen. Vidare opp til toppen var det glitrande krystaller i sola og hærleg puddersnø!

Map