Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Travers ifrå Meneseggi til Melsnipa - Sogndal/Balestrand

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h
Distance:
21.8km

Nydelige værmeldinger for denne helga også og då vil jo eg reise overalt!! Det står ikkje på ambisjonane! Men det skrumpar inn ilag med vissheita, om at døgnet ikkje har meir enn 24 timar. Starta forslaget så fint med ein nær topp i Jølster til Kvannefjellet nord 1712 moh Min siste Jølstratopp i samlinga. Men det passa dårleg for dei spurte denne gongen. Kvasshornet i Bremanger og Hawaii stemning på Grotlesanden vart det neste forslaget! Men sidan det atter igjen vart eit nytt trafikk uhell i ein tunnel der ute, så vart det også raskt skrinlagt. Tilslutt vart det bestemt at vi går for Melsnipa og det har vore tenkt som tur i nokre år. Iløpet av 5 min vart det bestemt med turstart i frå Meneset. Litt for laangt ut på dag kl 11.30 men så var vi omsider turklar. Ein kar stoppa >>>

Map     4 comments

Eikåsnipa

Date:
16.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km
Map    

Invitasjon til Tindefjellet

Date:
15.06.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:36h
Distance:
12.0km

Som oftast suser ein avgårde på sine tur og treningsturar! Ein føler seg av og til som ensom ulv...Men det er dette ein liker, og det er ein livsstil. Ofte får eg spørsmål om å få være med, men ikkje alltid at det klaffer. På motbakkeløpa er det endå få damer til start og det botnar nok i ulike grunner. Men uansett nivå tenker eg det er kjekt å ha eit fellesskap i denne type trening. Derfor tenkte eg å sende ein open invitasjon på facebook og det viste seg å være positivt :) Takker for fin tur

Map    

Eit fint løpsfjell

Date:
15.06.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:36h
Distance:
12.0km

Fin løpstur etter jobb, litt stillestående varmt var det oppover med 25 grader pluss! Men det er bagateller... Dette er den finaste ruta opp til Tindefjellet og ein favoritt for ein løpstur synast eg. Denne dalen med støylane og dei fine sandmorene oppunder fjellet er berre nydeleg om sommaren. Sandmorene har også eit irande grønt skjær av frodig gras og ein flott sti som slynger seg oppover. Den starter med passeleg stigning på skogsbilveg og går vidare over til slakk sti innover dalen og støylane. Då har ein fått oppvarminga, deretter startar noko brattere kupert stigning som tilslutt går over til litt tøffare bratte! Denne turen må berre prøvast :) Skal legge inn Gps logg på ruta ved neste tur.

Map    

Eikåsnipa

Date:
13.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km
Map    

Mehornet og Jolgrøhornet Stranda/Stordal

Date:
12.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
12.4km

Starta ifrå Stavseng og følgde skogsvegen opp ved Stavsengsætra. Fin rygg å følge via Vardebakkane 1099 til Jolgrøhornet. Ganske greit å gå ned nordaustre ryggen til Jolgrøhornet Nord for 1171 berre ei lita fonn å passere. Derifrå var det greit å skli ned småfonnene til Ringset Kloven og småklyve lett opp til Mehornet. Fine toppar å gå som ein rundtur...

Map     2 comments

Kyrkjetaket 1439 og Kjøvskartinden 1552 Romsdalstopper

Date:
11.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
17.4km

Kyrkjetaket og Kjøvskartinden er toppar som eg har tenkt på ei stund. Det er populære skitoppar, men eg er då mest glad i å utforske toppane med joggesko!! Dette var rein impulstur og dei blir alltid bra :) Nydeleg vær var det og toppar som har vore tenkt ei stund. Allikevel hadde eg ikkje lese meg opp eller hadde kart for området, bortsett ifrå Gps. som då er ein fantastisk ting og eit fast turfølge. Ellers synast eg det kjekkaste er å følge sine eigne veivalg, lese og vurdere terrenget utifrå sine vurderingar og erfaringar. Ingen å sjå i fjella denne dagen, det var blikk stille og varmt på toppane! Denne turen, utsikta, været og den totale stilla åleine... tenker eg er den finaste turen i år. Ganske greit å gå desse toppane ifrå Kavlisetra, herifrå er det ikkje turmerka. >>>

Map     4 comments

Sandvikshornet og Søvikhornet

Date:
09.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
11.3km

Map    

Ramstadvarden

Date:
09.06.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
8.2km

Map    

Eikåsnipa

Date:
07.06.2016
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
11.0km
Map