Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Skjorta frå Førde

Date:
08.10.2015
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
12.2km

Eigentleg var planen idag å få avspasere dei to siste timane ifrå jobb, for å ta ein tenkt løpstur til Storehesten 1209 moh og Blægja 1304 moh. Det meste skjer på jobb når ein har sånne tankar og det var også meldt noko meir regn i ytre. Så då vart det med plan B å gå ifrå Førde, ei ny rute frå den alternative som eg brukar ved å starte frå E-39 via Helgheim og Vasskaret. Nydelege haustfargar mellom bratte fjell og fint turver, sjølv om det såg litt truandes ut med regn. Følgde delvis kraftvegen og sti i raset opp ved den tørrlagde Nydalselva. Bratt oppstigning men heilt supert å få raske høgdemeter. Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!

Map    

Larstunsstøylen og Holten

Date:
07.10.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km
Map    

Med Lærestudent og Salutogenese på Litlehesten

Date:
06.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
11.0km

Ekstra kjekt er det når vi får engasjerte studentar med på jobb. Max er sjukepleierstudent, 25 år og over snittet interessert i friluftsliv. Dei har nett lært om Salutogenese...Teorien om den fysisk og psykiske læra og kva som fremmar god helse, mestring og velvære for det enkelte individ. Kva er då betre enn å bruke naturen som terapirom og mestrings arena :) Superfin dag med topp mål, mestring og mål oppnåelse for både den eine og den andre....;) :)

Map    

Blånipa i Florø

Date:
05.10.2015
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
4:04h
Distance:
13.3km

Fin tur etter jobb og vi rakk akkurat å få med ein nydeleg solnedgang frå toppen. Turfølge Brit Siv

Map    

Ulriken

Date:
03.10.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
7.3km

Sidan Miriam kunne tenke seg å gå på Ulriken og ingen hadde vore der før, vart det ein passeleg fin tur til alt anna som skal nåast når ein først er i Bergen. Fint å sleppe bilkøyring så vi tok buss nr 12 frå festplassen i sentrum og opp til Montana ved Haukeland. Godt skilt merking frå buss stopp til bil parkering og startutgangspunktet for Ulriken. Mykje folk på tur ein lørdag, nesten kø på veg ned att :) Miriam og Jarle var turfølge

Map    

Brossviksåta

Date:
02.10.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
11.1km

På veg til Bergen for å besøke studenten Miriam, og som bestilt vart det opplett ved turstart :) Jarle med på turen

Map    

Eikåsnipa

Date:
01.10.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km
Map    

Larstunsstøylen og Holten

Date:
30.09.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.1km
Map    

Kabusen og Høgefjellet i frå Haukedalen

Date:
29.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
13.1km

Møttast på Moskog etter jobb og starta frå Haukedal skule og gjekk ca 400 m på vegen innover dalen, kunne ha parkert på grusplassen ved skilting og stistart. Fin sti å følge opp til Kabusen, og utruleg flott eit skue å sjå utover frodige Haukedalen. Ellers fint å følge vidare delvis sti og sauetrakk over ryggane mot Høgefjellet, som ligg så utruleg vilt og flott til med syn rett inn til Grovabreen. Hadde vi hatt betre tid kunne eg tenkt meg å gå vidare til Høgefjellet 1438 moh Det får bli i eit seinare høve og ifrå Jølster sida. Flott retur tilbake med hodelykt frå toppen med ein stjerneklar himmel, regnet kom på bilruta ved Moskog kl 21.30..fin timing :) Fin tur ilag med Brit Siv

Map    

Terdalskeipen og Klauvekeipen i Florø

Date:
28.09.2015
Duration:
4:31h
Distance:
11.4km

Sein kveldstur etter jobb, nydeleg ver og flott solnedgang i havet. På retur ifrå Klauvekeipen fekk vi nydeleg måneskin og ein vakker stjernehimmel. Turfølge Brit Siv

Map