Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Ryssdalshornet

Date:
24.09.2025
Distance:
9.3km

Lenge sidan denne nærtoppen fekk sitt besøk igjen! Tur nr 2 til denne toppen! Dette var ein innertier av ein turopplevelse med mange fine haust kontraster :) Fine meldinger etter dagvakt for begge! Eg ville også ha ein sporlogg på denne toppen! Så enkelt! Kveldsola står opp mot toppen til ein solnedgang. Vi får solnedgangen, den blårosa overgangen over høgfjellet, med nydelig skue til dei markante stortoppane Gjegnen og Snønipa. Vidare glimter stjernene og melkeveien returen ned igjen til bilen. Takk igjen for desse turane som gir næring til eit magisk vennskap og turlivet ilag. https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=clocks+coldplay&&mid=554347D1621417B68E1D554347D1621417B68E1D&FORM=VAMGZC https://www.bing.com/videos/riverview/relatedvideo?q=the+scientist+coldplay&&mid=445260221CD2ED190038445260221CD2ED190038&FORM=VAMGZC Takk for tur ilag Brit Siv Fimland

Map    

Morgentur Orkja

Date:
23.09.2025
Distance:
3.2km

Map    

Hesteggi med haustfarger!

Date:
21.09.2025
Distance:
8.2km

Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.

Map    

Orkja - Jølster

Date:
20.09.2025
Distance:
3.2km

Fint med tur etter dagvakt! Det gjorde susen å klarne tanker og sinn! Rakk turen før regnver! Så fint det er å skue og studere blåisen mot Grovabreen, Snønipa og inn mot Kjøsnesfjorden. Plukka med heim, ein nydelig haust bukett ifrå fjellet.

Map    

Veten i Gloppen

Date:
19.09.2025
Distance:
6.9km

Fin tur til Sandane og Veten før kveldsvakt! Opplett og fint på tur! Ingen å treffe på tur i dag.

Map    

Eikåsnipa

Date:
16.09.2025
Distance:
5.2km

Map    

Djupviknipa

Date:
15.09.2025
Distance:
2.5km

Map    

Søndagstur!

Date:
14.09.2025
Distance:
3.4km

Fin tur etter frukost. Lett yr og fin tur ilag med Miriam.

Map    

Djupviknipa - Førde

Date:
13.09.2025
Distance:
2.7km

Tur til Førde med litt små ærend! Mykje folk på tur og eit par dugnadsfolk som jobba med stien. Nokre små regndråper undervegs.

Map    

Støylen og vask!

Date:
13.09.2025

Eg og Lale har snakka om tur til støylen og etter middagslur var Lale klar til å plukke blåbær og vaske litt på støylen. Vi skulle ha med pølser på termos og litt sjokolade. Oppe på støylen, henta vi vatn i elva og plukka litt blåbær av det vesle som var igjen rundt støylen. Etter kvart fekk vi vaska inne i selet og etterpå smakte det himmelsk med wiener pølser og sjokolade. Vel nede i beitet måtte vi ha drikke pause i elva og det var noke Lale synest var spennande. Ho fekk vatn på drikkeflaska si, medan besta slurpa i seg rett ifrå elva. Det var stort for den lille som kunne fortelle mamma og pappa at vatnet ifrå elva smakte godt. Så stort at det vart gjenfortalt til pappa neste morgen :)