Bli kjent i eige nærområde!!! (18.03.2016)


Start point Flugekvam (264m)
Endpoint Svidalsneset E-39 (198m)
Duration 5h 16min
Distance 13.0km
Vertical meters 1,012m
GPS
Ascents Tindefjellet (1,083m) 18.03.2016

Brit Siv på tråden...har du planer om liten tur i dag ? Jauda... turplaner har vi alltid og ein liten tur er eg med på idag, sidan Miriam nett er komt heim på Påskeferie. Lurte litt på Gravsfjellet ifrå Flugedalen og kanskje den slakke slukta opp ifrå Vårstøylen. Er med på alt eg og kjekt med nye ruter og utforske nærområda, på kartet ser det jo elegant ut! Vi luffa flatt innover med tungt utstyr og ser at den elegante ruta ikkje er så elegant! Vi finn ut at været er så bra og det er kjekt å gå i nye areal, den lille turen blir ein mange timars og tilslutt ein litt sein kveldstur. Men det er jo så hærleg å være på tur, nyte lyset, kveldsstemninga som går over til mørke og den stilla. Å orientere seg i mørke med kart på nytt område, sjølv om ein kjenner området godt er ikkje det alltid så forutsigbart. Det er definitivt mykje variasjon og utfordringar mellom kotane på kartet, utifrå føre og forhold.

Passert Flugestøylane
Passert Flugestøylane
Nydeleg vinterhimmel
Nydeleg vinterhimmel
Stropping av ski....
Stropping av ski....
Siste utvei var å trakke seg rett opp fjellskråninga...
Siste utvei var å trakke seg rett opp fjellskråninga...

Litt knoting i mørkna, ikkje skiterreng og for å spare fleire omvegar valgte vi å gå rett på sak! Stegjern og isøks hadde vi ikkje med, det hadde frose på i bratt og ulendt terreng men heldigvis ikkje verre enn at det var overkommeleg. Utgangspunktet var Gravsfjellet og ei nedkøyring mot Årset, men det dårlege og glaserte skiføret sette eit punktum for det. Eg var jo selfølgelig overlykkeleg for Tindefjellet, nedrennet der visste eg var nokolunde greit :) Miriam plukka oss opp på Svidalsneset og afterskiplanane som vi hadde tenkt på i snart 2 år...droppa vi denne gangen også. Kom ned til Jølstraholmen rundt midnatt og til Brit Siv sin bil, for å lesse om skiutstyr. Der kom vår kjekke lokale politimann og kompanjong sigande i sin nye patruljebil :) Han er jo svært aktiv sjølv og hadde sett lyktene våre oppe i fjellsida og var ikkje overraska at det var oss på tur. Han kjenner området godt og det vart trivelig fjellprat, sidekameraten fekk eit lite innblikk i fantastiske Jølstrafjell :)
Gps loggen er litt underlig...men sånn blir det når nærområdet skal utforskast i mørkna og på sparket!!

Mot Tindefjellet
Mot Tindefjellet
Strålande nøgde med avgjerdsla på kor veien skulle gå vidare. Vi droppa Gravsfjellet og gjekk for Tindefjellet..Noko som eg særdeles var fornøgd med ;)
Strålande nøgde med avgjerdsla på kor veien skulle gå vidare. Vi droppa Gravsfjellet og gjekk for Tindefjellet..Noko som eg særdeles var fornøgd med ;)
På toppen av Tindefjellet og klokka var alt blitt midnatt snart
På toppen av Tindefjellet og klokka var alt blitt midnatt snart
Miriam henta oss på Svidalsneset..det passa så fint for ho skulle også hente nokre venner på afterski i skianlegget! Vi droppa den sermonien!!
Miriam henta oss på Svidalsneset..det passa så fint for ho skulle også hente nokre venner på afterski i skianlegget! Vi droppa den sermonien!!

User comments

  • -
    avatar

    Wow..

    Written by 19topper 21.03.2016 23:48

    Fantastisk nærområde..misunnelig! Det er vel ikke ledig helsejobb og hus i området ?? :-D

    • -
      avatar

      Sv: Wow..

      Written by Eikås 24.03.2016 20:16

      Jepp...det er eit variert terreng her og selføleleg den flottaste fjellkommunen :) Du må ha ei superfin Påske :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Wow..

        Written by 19topper 24.03.2016 20:58
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.