Høge Stang (28.07.2025)
Start point | Remnevannet (146m) |
---|---|
Endpoint | Remnevannet (146m) |
Characteristic | Bike trip - mixed |
Duration | 2h 52min |
Distance | 22.8km |
Vertical meters | 406m |
GPS |
![]() ![]() |
Ascents | Høgestang (274m) | 28.07.2025 13:19 |
---|
Høge Stang
Kommunetoppen i Aremark
Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt.
Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien.
Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots.
Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien.
Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, Geiteryggen. Vi starta på veien mot denne toppen, men det seig inn mørke skyer frå Sverige. Vi valde derfor å snu for å unngå å havne i torevêr.
Ikkje lenge etter at vi hadde snudd høyrde vi toreskral bak oss, og tenkte derfor at vi hadde gjort riktig vurdering. Vel tilbake i bilen studerte vi lynkartet til yr og kunne sjå at det var ein del lynnedslag i nærheten av Geiteryggen. Vi får komme tilbake å ta den toppen ein annan gang!
Start date | 28.07.2025 13:19 (UTC+01:00 DST) |
End date | 28.07.2025 16:12 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 2h 52min |
Moving Time | 2h 37min |
Stopped Time | 0h 15min |
Overall Average | 7.9km/h |
Moving Average | 8.7km/h |
Distance | 22.8km |
Vertical meters | 406m |
User comments