Snønipa (25.03.2024)
Start point | Høyset (341m) |
---|---|
Endpoint | Høyset (341m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 7h 39min |
Distance | 20.6km |
Vertical meters | 1,543m |
GPS |
![]() ![]() |
Ascents | Snønipa (1,826m) | 25.03.2024 09:00 |
---|
Snønipa
Kommunetoppen i Sunnfjord og Gloppen.
Første skituren i påska. Eg og Tonje møtte Henrik ved parkeringa på Høyset. Målet var sjølvaste Snønipa, høgste toppen i Sunnfjord og Gloppen kommune.
Vi følgde den vanlige ruta langs kjerrevegen inn til Haugastøylen, og vidare opp til Hauagabreen.
Breen var stort sett snødekt, med noke blåis som stakk fram på toppen av brefallet.
Frå toppen av brefallet kunne vi sjå Snønipa og den lange motbakken som låg foran oss.
Etter brefallet følgte eit flatt parti innover breen før vi tok til på den lange snøbakken opp mot Snønipa.
Bakken verka for å aldri ta slutt, men til slutt sto vi ved foten av nuntaket Snønipa. Det gjensto no berre ein litt isete bakke før vi var på toppen.
På toppen var det eit mektig skue utover Myklebustbreen, og vi kunne sjå rett bort på Briksdalsbreen.
Turen ned att den lange snøbakken mot Haugabreen var magisk i deilig puddersnøv. Turen vidare ut derifra blei meir som ei transportetappe då det hadde lagt seg ei lita hinne med is øverst på snøven, noko som gjorde det vanskelig å styre.
Takk for turen!
Start date | 25.03.2024 09:12 (UTC+01:00) |
End date | 25.03.2024 16:51 (UTC+01:00) |
Total Time | 7h 39min |
Moving Time | 4h 50min |
Stopped Time | 2h 48min |
Overall Average | 2.7km/h |
Moving Average | 4.3km/h |
Distance | 20.6km |
Vertical meters | 1,542m |
User comments