Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Skredfjellet

Date:
29.06.2021

Sleit litt med å finne bomvegen opp til Stordalen, og det vart eit stopp hos ein lokal bonde - som både vart glad for besøk og var godt kjent. Så var resten peanuts. Deileg, varmt vêr, så det var berre å kose seg på stien opp mot skaret. Det er forresten ikkje så godt å sjå kvar stien startar, men det er altså til høgre like etter siste bom… med ein liten plakat om bandtvang. Fin oppvarming før dei neste lange turane…

Map    

Ørneflag

Date:
28.06.2021
Map    

Årets suraste tur

Date:
30.08.2020

På tur med Morten (Bigmob) og Sea, med base på Seiland Guesthouse. Planen var at Sea og eg skulle plukke med oss Seilandstuva og Seilandsjøkelen på ein og same tur, bruke 11-12 timar, og kose oss i fantastisk landskap i godt vêr, mens Morten skulle rusle rundt i fjæra - han hadde trass alt vore på dei toppane før. Men, nei! Det såg lovande ut då vi vart skyssa inn fjorden, og smila var på plass. Som ellers opp mot fjella her, er det rimeleg bratt dei første 300m, med grus, ur og sleipt gras. Vi var heldige og fann eit sauetråkk på venstresida av elva oppover og slapp å bli våte på beina. Fin utsikt mot campen... Sea... framleis rimeleg fornøyd... Oppe i skaret dreide vi sør mot Seilandstuva. Planen var å gå ned igjen til skaret etter toppen og opp retning Seilandsjøkelen >>>

Map    

I godt selskap til Kjerringa

Date:
29.08.2020

Aldri feil å dra på tur med Morten og Sea, og denne toppen krev både båtskyss og godt vêr over fjorden, så når det plutseleg passa for oss alle, var det umuleg å avslå. Viser til Mortens fyldige rapport om ruteval... Over fjorden frå Seiland til Stjernøya. Kjerringa i sikte. Rimleg bratt opp lia... Pause i veggen før siste klyving opp til ca. 600 moh På topp med Sørøya og Lopphavet i bakgrunnen. Slitne folk i fjæra...

Map     1 comment

Glitteregga

Date:
31.05.2020

Anders (Elementmannen) stakk frå den gravide og vart med bestemor på siste skitur denne sesongen. Vi klarte i beste stil å rote oss bort i litt kratt på veg opp med upåklageleg humør... Litt hopp og sprett på toppen til ære for våren.

Map    

Etiopia - eit eventyr

Date:
07.01.2020

Fekk til ein skikkeleg rundtur i Etiopiea rundt jul/nyår 2020.Etiopian Airline tilbyr innenriks flybilettar til ein billeg penge. Vegane mellom byane er ikkje mykje å skryte av, men interessante om ein vil oppleve folkeliv... Eg arrangerte turen privat med lokale guidar og sjåførar. Skal ein først reise dit, er ein tur til Mekele og Lalibela for å sjå dei eldgamle steinkyrkjene hogde ut i fjellet ei reise verd i seg sjølv. Her frå Abuna Yemata Guh... klatretur til ei av kyrkjene som er hogd ut midt i fjellveggen for sånn ca. 1500 år sidan, med inntakte fresker, ein eldgamal bibel i geiteskinn og kraniene etter tidlegare munkar. Likeins er Danakil - ein saltørken under havnivå - ei oppleving å få med seg. Etter rundreisa i nord kom vi til Gondor og traff fjellguiden vi hadde fått >>>

Map    

Stjerntinden

Date:
12.08.2019

Tur med Anders (Elementmannen) og viser til hans fyldige rapport!

Map    

Higravtinden

Date:
11.08.2019

Årets tur nordover med gutta. Viser til Bigmobs meir utfyllande rapport...

Map    

Skjelåtinden

Date:
10.08.2019

Super tur med Bigmob og Anders. Viser til rapporten til Bigmob.

Map    

Lange turar

Date:
15.07.2019

Låg i telt ved Rondvassbu og tok desse toppane over to dagar. Først Veslesmeden og Storsmeden. Dagenderpå Trolltinden. Strålande sol og varmt.

Map