Berre lekkert å få besøke Kvænan igjen! (15.08.2022)


Map
Ascents Kvænan (968m) 15.08.2022

Ettersom forrige tur til Kvænan har vist seg å vere bomtur, passa det godt å avslutte årets tur nordover med ein tur hit. Etter ein lat dag på Finnsnes - vel, ikkje for Morten som måtte jobbe - rulla vi utover på Senja seint på ettermiddagen, nå også med selskap av Øivind. 13 år sidan eg sist eg var her, og også denne gongen slo det til med varme og sol i nord. Artig å sjå igjenkjende vegar og toppar.

Kvænan er synleg frå langt hald, og toppen er skilta ved vegen. God raudmerking heilt til topps, men vi klarte likevel å miste stien rett før den store ura. I grunnen ikkje noko problem, for ura er fast og fin. Kosetur oppover med mange stopp. Luksus å gå i t-skjorte og ikkje vere plaga av verken floger eller mygg…

Vi fann stien igjen i overkant av ura, og så var det berre å følgje raudmerkinga til topps. Toppunktet ser ikkje spesielt spenstig ut frå nedsida, men du verden!!! Vi koste oss i solnedgangen og bytta på poseringa. Herleg!

Straka vegen ned igjen med retur til Finnsnes nærmare midnatt. Denne går under kategorien «kan gjentas».

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.