Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (2)
-
Trip by foot (5)
- Hillwalk (4)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Selsnuten
- Date:
- 10.07.2024
- Distance:
- 3.2km
Våt tur. For det meste på skogsvei, berre siste delen i skogsterreng. Trur varden markerte toppunktet, men litt usikker så tok ein liten runde der oppe. Det var så mykje skog på toppen at eg prøvde ikkje å sjekke om det var noko utsikt.
Høgafjellet
- Date:
- 10.07.2024
- Distance:
- 3.6km
Etter den fine dagen i går var dagen i dag våt og grå. Då passar det godt med slike skogkledde småtoppar som eg nok ikkje hadde tenkt at var verdt eit besøk, dersom dei ikkje stod på samlelista. Me kravla oss opp i bratt terreng og var enige om at me håpa å finna ein bedre veg nedatt. Siden det var ein postkasse på toppen som det var notert navn i regelmessig i, følgde me stien som leda ned frå denne. Sjølv om me missa stien eit par gonger, var det ein god sti og me enda nede i Sandvik og så gjekk me bilvegen opptatt til parkeringen ved Sandviktjørna.
