Kringlenuten (09.07.2024)  6


Duration 10h 00min
Distance 25.8km
Vertical meters 1,255m
GPS
Ascents Kringlenuten (1,488m) 09.07.2024 15:12

Plutselig var det ein solskinnsdag mellom alt regnet, så me fann ut at me ville ta oss ein tur i Dyraheio. Me visste det gjekk ein god veg inn til Tjødnarebotn og så hadde me tenkt å ta oss opp mot tjødnane 1267 og 1311. Men siden eg er ein skikkelig feiging på bratte snøfenner, fann me ingen god trasé og måtte snu. Så følgde me heller nøddastrekkjet mot Kringlevatnet. Me tok oss opp under nuten der ein ung løytnant mista livet i august 1959 då jagarflyet hans kræsja inn i fjellveggen. Vraket, som for det meste besto av smådeler, vart ikkje funne før etter ein måned. Det var lokale jegerar som kjende at det lukta brent. Det ligg forsatt deler etter flyet overalt i urene under fjellveggen. Så forsatte me oppover til Kringlenuten og fekk med oss den mest fantastiske utsikt. Nabotoppen Snønuten, Leirnuten, Steinkilenuten, Kaldefjellet. Og lenger vekke Skaulen, Napen, Såto og Folgefonna. I tillegg til sjølvsagt Blåsjø. Ein uforgløymeleg tur i fantastisk terreng. Me såg også tre reinsdyr og eit par lemen. Ellers ikkje ei skjel å sjå unntatt ved Jonstøl.

Her er litt litteratur om støls- og jaktvegar i Dyraheio;
Kilde:. Vardaruter og herberger i Dyraheio
Av Alf Odden
Suldal kommune, etat for Bygdeutvikling 1998

13. Bråtveit - Steinkilen (gjennom Tjørnarebotn)
Denne ruta er på 18 km og følgjer linja Bråtveit-Mostøl-Tjørnarebotn-Midtvatn-Øvre Sveigen-Steinkilen. Ruta går inn i verneområdet litt ovanom Mostøl og held seg innom grensene de øvrige 17 km. Frå Mostøl følgjer ruta turistløypa fram til åna frå Kyrkjesteindalen, før den går vidare på sørsida av åna frå Sandvatnet. Ruta er ikkje varda før ein kjem over tregrensa, men stien er godt synleg. Vidare fram til Steinkilen er vardinga av varierande kvalitet. Særlig frå Midtvatnet og opp Øvre Sveigen er vardinga mangelfull. Ein del av nødlingane er heilt tydeleg av nyare dato. Dette er den raskaste vegen mellom Bråtveit og Steinkilen, men med tung bør eller kløvhest vart den noko lengere, men flatare vegen om Steinkilskaret nytta. Ruta er ikkje teikna inn på dei gamle karta.

14. Bråtveit - Leirdalshytta (gjennom Tjørnarebotn)
Denne ruta er på 20 km og følgjer rute 12 fram til Midtvatn kor linja går vidare til Kringlevatn-Nedre Sveigen-Leirdalshytta. Vardinga frå Midtvatn til Leirdalshytta sporadisk og er vanskeleg å følgje. Dette er den raskaste vegen mellom Bråtveit og Leirdalen, men med tung bør eller kløvhest vart den lengere, men flatare vegen om Kyrkjesteinsdalen (15) nytta. Gjennom Tjørnarebotn er ikkje ruta teikna inn på nokon av dei gamle karta, men frå Midtvatn er den med på Kroki

Mot Jonstøl
Mot Jonstøl
Mot Sandvatnet
Mot Sandvatnet
Sandvatnet
Sandvatnet
Tjødnarebotn
Tjødnarebotn
Tjødnarebotn
Tjødnarebotn
Gamlehytta i Tjødnarebotn
Gamlehytta i Tjødnarebotn

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.