Mount Evans med bil (17.07.2014)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startpunkt Mt. Evans Parkeringsplass
Tourcharakter Autotour
Höhenmeter 40m
Karte
Besteigungen Mount Evans (4.348m) 17.07.2014

Toppsamlarnerden møter somme gonger på harde dilemma. Eg gjekk meg på eit slikt i dag: eg besteig mitt til no høgste fjell, Mt. Evans. Problemet er at USA sin høgste bilveg går opp til toppen av dette fjellet. Eller nærare bestemt ca 40 m under sjølve toppunktet. Det vert difor ei særs lite ærerik bestigning. Likevel skal jo enklaste veg opp gjelde fullt ut som bestigning. Dei fleste toppar har ei eller anna form for formildande omstendigheit, og det vert raskt komplisert om ein skal byrje å sette grenser.

Så Mt. Evans vert registrert (dessutan hjalp det at tre andre på Peakbook-brukarar har registrert bestigning av denne toppen frå før). Eg får vege opp med å gå meir kompliserte ruter av andre toppar.

For dei som er interessert i slikt så har Mt. Evans noko så sjeldan som eit roadside alpint crag. Her er det både trad, snø, is og mix som på reinaste høgfjellet, 4000 moh rett ut av bilen. Det fikk ikkje vi anledning til å prøve oss på denne gongen, men granitten her såg finfin ut, og vi såg fleire nydelige renner som framleis hadde snø.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.