Fresvikåsen (20.04.2026)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
| Besteigungen | Fresvikåsen (760m) | 20.04.2026 12:22 |
|---|---|---|
| Mulakamben (613m) | 20.04.2026 13:55 |
Endeleg til Fresvik. Einaste staden eg ikkje har vore i området i regionen. Eg viste at det var flott og kontrastfyllt. Snille området oppe på Åsen, og fantastiske utsikt til vakre fjell, styrtningar, og ein langstragt fjord. Difor ein del bilder i dag, med kamera og ikkje mobil. Litt blautt i starten, men fin sti til toppen Fresvikåsen og vidare til Middagshaugen. No vart det eit parti på nokre hundre meter med djup snø, mest godt opp til leggen, og eit par gonger til knes. Innimellom var det litt snø og is til ein kom under 600 høgdemeter. Kom ned til Holten med hytta. Her kjem stien frå sentrum opp. Gikk vidare og no ein knapp km på skogsveg, før stigninga mot Mulakamben. Fin sti, og eg måtte opp til det stilause toppunktet (sjølvsagt sidan ein samlar toppar 100 pmf. +). Litt tilbake frå enden av åsryggen, er det eit ope område med fantastisk utsikt mot Fresvik, og fjella rundt. Gikk tilbake til Holten, og valde fyrste sti mot "Svea". Feldig flott skogs-sti 2,4 km. I eit ope område med to sti-kryss valde eg bort skogsvegen som gikk i boge mot hovudvegen. Det var veldig blautt og leirete. Kom straks til parkeringsplassen for utferdsområde like over Svea. Nede ved garden vurderte eg å gå gjennom der, for det skulle vere sti på baksida. Men no var eg på flott grusveg og i god unnabakke, så eg småjogga nedover til eg tangerte Fylkesvegen. Så vart det knapt 3 km på asfalt opp att til bilen på parkeringsplassen. Dette området hadde stiar på kryss og tvers med tavler og mange turskilt i sti-kryss undervegs. Det er også skilta oppover mot stor-fjella. Kan tilrådast å gå turar i området.
















Benutzerkommentare