Toppraid frå Årdal til Målandsdalen (25.01.2025)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Kyrkjeleidfjellet (536m) 25.01.2025
Skorpefjellet (479m) 25.01.2025
Søra Størnafjellet (553m) 25.01.2025
Svadbergsfjellet (460m) 25.01.2025

Flott langtur i svært vekslande vêr med haglbyger, og det er ikkje kvart år eg får med meg tre nye toppar med pf>100m i nærområdet i januar, endåtil på same turen. Me parkerte ein bil nederst i Målandsdalen og kjørte til Svadberg i Årdal med plan om å ta oss ned via den fråflytta fjellgarden Driftland. Kanskje ville det bli gjensyn altså, etter at me var oppe på Driftland då eg var bare 4 år og forbi att på skuletur med Strand Vidaregåande på slutten av 1980-talet.

Me følgte god traktorveg frå Svadberg opp til Stølen og tok austover på ein overgrodd skogsveg i retning Steinskardet, med Svadbergfjellet som første mål. Etter eit mislykka forsøk dit i fjor, var eg spent på oppgangen frå sør, men der fann me ein brukbar sti som leidde oss veldig greit til topps. Som venta var det flott utsikt frå dette sluttleddet på fjellryggen, og me brukte om lag 55 min hit.

På Svadbergfjellet med utsikt ut Årdalsfjorden
På Svadbergfjellet med utsikt ut Årdalsfjorden
Sørleg utsikt mot toppane me skal vidare til, Størna- og Kyrkjeleidfjellet. Bak kvitnar det i kjende toppar, Vardhusheia og Krunefjell i indre Jørpelandsheia
Sørleg utsikt mot toppane me skal vidare til, Størna- og Kyrkjeleidfjellet. Bak kvitnar det i kjende toppar, Vardhusheia og Krunefjell i indre Jørpelandsheia
Austleg utsikt mot Øvre Tysdalsvatnet og Tofjellet
Austleg utsikt mot Øvre Tysdalsvatnet og Tofjellet
Litt frampå pynten får me utsikt beint ned til Årdal
Litt frampå pynten får me utsikt beint ned til Årdal
Frå same staden ser me òg beint ned til Stølen
Frå same staden ser me òg beint ned til Stølen

Tilbake ved Stølen att følgte me ei anna grein av skogsveg-nettverket søraustover i retning Størnafjellet. Ved enden av vegen som etter kvart vart ganske utydeleg, tok me stilaust ut i terrenget i retning Størnafjelltjødna. Her vart det god trening med drygt 100 hm bushing oppover det bratte dalsøkket i myr og knehøg blåbærlyng. Her fekk me óg dagens første haglbyge. Då me fann rennande vatn, tok me like godt ein god pause mens me endå var i le for vinden og bygene her mellom toppane på Størnafjellet.

Mat og kaffi i ei fin livdakrå nedanfor Størnafjelltjødna
Mat og kaffi i ei fin livdakrå nedanfor Størnafjelltjødna

Etter pausen gjekk det endå 100 hm relativt bratt til topps på høgaste Størnafjellet, der me kom opp på ryggen litt vest for den store varden. 1 time 50 min hit frå Svadbergfjellet inkludert pausen. Her oppe bles det dugeleg, og med ein temperatur rundt nullpunktet var kjøleeffekten på ansiktet svært kjennbar. Ingen verande plass, altså! Etter eit kort besøk på kanten mot Målandsdalen, der me fekk ei haglbyge piskande imot oss, fann me vegen vest- og sørvestover ned til ryggen i retning Kyrkjeleidfjellet. Nedgangen hit gav seg ikkje heilt sjølv, men me traff på dyretråkk som leidde oss greit ned dei ulike ufsene.

Fornøgd på januartur i flott terreng, her med nordtoppen på Størnafjellet
Fornøgd på januartur i flott terreng, her med nordtoppen på Størnafjellet
Frå like oppunder toppen av Størnafjellet med tilbakeblikk mot Svadbergfjellet og islagde Raunetjødna. Det er kupert terreng her, ja!
Frå like oppunder toppen av Størnafjellet med tilbakeblikk mot Svadbergfjellet og islagde Raunetjødna. Det er kupert terreng her, ja!
I kraftig vestavind på Størnafjellet. Reinaknuten dominerer sjølvsagt
I kraftig vestavind på Størnafjellet. Reinaknuten dominerer sjølvsagt
Sørleg utsikt mot Målandsheia med kjende toppar
Sørleg utsikt mot Målandsheia med kjende toppar

Fortsatt stilaust vestover ryggen hadde me godt le for vinden og vêret, og via nokre humpar toppa me lett ut på Kyrkjeleidfjellet. 1 times gange hit frå Størnafjellet. Her hadde me kanskje den verste haglbyga, for det var så gale at me måtte stå med vinden i ryggen ei stund før me kunne peila oss i retning Driftland som me skimta der nede. Her hadde me dagens finaste naturoppleving, då ein elg på veg mot toppen snudde då han vart var oss. Spor og skit etter både hjort og elg hadde me sett før på turen, men å sjå skogskongen slik i levande live var sjølvsagt stas.

Myrpytt nedanfor Størnafjellet, som me akkurat har kome oss greit ned av
Myrpytt nedanfor Størnafjellet, som me akkurat har kome oss greit ned av
Tilbakeblikk mot Størnafjellet
Tilbakeblikk mot Størnafjellet
Haglbyga piskar beint imot på Kyrkjeleidfjellet! Me ser innmarka på Driftland med Skorpefjellet like bak. Lenger ute er både Reinaknuten og Lauvåsen kjenneslege
Haglbyga piskar beint imot på Kyrkjeleidfjellet! Me ser innmarka på Driftland med Skorpefjellet like bak. Lenger ute er både Reinaknuten og Lauvåsen kjenneslege

Ned til Driftland gjekk det bratt, men greit; først ned frå toppen via skardet like sør for toppen, så rett ned til innmarka ovanom huset. Her skremde me opp ein diger orrhane som brasa fram or krattet. På den gamle fjellgarden som vart fråflytta i 1971 står gamlehuset fortsatt, og det var endåtil gjester der som me sa "hei" til. Men dagen var alt på hell, og fordi me hadde lyst til å få med oss utsikten frå Skorpefjellet, kosta me på oss ein tur utom dit. Denne var bratt og tok oss 50 min t/r, men kan varmt anbefalast; maken til magesug på stupkanten mot Tysdal skal ein leita lenge etter!

På veg ned til Driftland med Skorpefjellet dominerande. Krunefjell og Reinaknuten reiser seg på andre sida av dalen
På veg ned til Driftland med Skorpefjellet dominerande. Krunefjell og Reinaknuten reiser seg på andre sida av dalen
I bratta opp mot Skorpefjellet med utsikt tilbake mot Driftland og Kyrkjeleidfjellet
I bratta opp mot Skorpefjellet med utsikt tilbake mot Driftland og Kyrkjeleidfjellet
Vardelaust toppunkt på Skorpefjellet, men det er fjellbolt etter eit gammalt trigpunkt. I bakgrunnen dominerer Salane og Krunefjell
Vardelaust toppunkt på Skorpefjellet, men det er fjellbolt etter eit gammalt trigpunkt. I bakgrunnen dominerer Salane og Krunefjell
Etter ei ny veldig haglbyge får me knallutsikt mot Tysdal frå Skorpefjellet
Etter ei ny veldig haglbyge får me knallutsikt mot Tysdal frå Skorpefjellet

Etter retur til Driftland var det bare å følga den grove traktorvegen ned til bilen i Målandsdalen, og me gjorde oss mange tankar om generasjonane sitt slit her oppe. Om det er dei enorme steingardane og rydningsrøysene tause vitner den dag i dag. Til saman om lag 11,5 km, 1200 hm og 5 timar 20 min på flott tur i ganske urørd og stilaust terreng.

Huset på Driftland står fortsatt, gråmalt sidan sist eg var her
Huset på Driftland står fortsatt, gråmalt sidan sist eg var her

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.