Synet (09.11.2024)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Vestre fjellet (1.127m) | 09.11.2024 13:45 |
---|---|---|
Seleggi (1.116m) | 09.11.2024 13:49 | |
Synet (1.137m) | 09.11.2024 14:04 | |
Veslesynet (1.113m) | 09.11.2024 14:24 | |
Besuche anderer PBE | Fjellstølen p-lomme (1.080m) | 09.11.2024 13:32 |
Ja, det gikk fint å køyre over stølsvidda frå Rennefjellet, og til Vaset. Navigasjon sitt hovudval, var vestover og nedatt i dalen, men lyseblå rute viste veg langs vatnet Søre Syndin. Å køyre her var også ei oppleving. Men berre når du «må». Mykje hytter, og folk med born og engelsk setter langs vegen. Frå Vaset på ny veg mot Gomobu, kr 50. Heile 15 km å køyre til der eg parkerte, 2,5 km frå turmålet. Om ein har kun ein tur/topp på plan, så tilrådast ei lenger tur-rute, t.d. ei eg køyrde forbi, skilta ca. 6 km til målet. Gikk litt utanom og plukka med nokre grøne nåler. Gikk meg på jæger med hagle og hund. Trakk litt unda, men han sa hei, som meg. Gikk meg også på sambygdinger på toppen. Kjekt. Stor utsikt frå denne toppen. Kontrastar med sikt til stortoppar i Jotunheimen, og langstrakte myrområde i aust. Skodda låg som eit teppe i dalføret. Så retur til bilen, og fullføre dagens tur to. No stod Ålfjellet for tur. Blei det mørkt ?
Benutzerkommentare