Marabotthornet og Svarteknippa i Vang (20.09.2024)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Marabotthornet (1.378m) | 20.09.2024 14:23 |
---|---|---|
Svarteknippa (1.551m) | 20.09.2024 15:07 | |
NNØ for Svarteknippa (1.540m) | 20.09.2024 15:59 |
Fredag vart avspasseringsdag, og ei lita langhelg i finværet. Køyrde i bubilen over Slettefjellvegen, og opp til Olefjorden. Det står Olø på skilta stadnamn der oppe. Nydeleg landskap. Det regulerte vatnet, var fullt. Gikk til Marabotthornet fyrst. Ikkje merkt eller skilta dit, men stipla sti på kartet. Fann stien, som nok er mykje brukt. Følgde den til stikryss frå Bygdin. No var eg inne på DNT-ruta til Yksendalsbu. Toppen låg 200 meter frå stien. Ei formidabel utsikt til vatn og stortoppane i Sør-Jotunhheimen. Retur same veg ned til stikryss. Skulle no rett opp flanken til Svarteknippa. Prøvde rett fram, men myr. Gikk mot Bygdin på sti like forbi eit lite smalt vatn. Greitt til topps herifrå. Men 450 høgdemeter der mykje er i lyng merkast. Flott utsikt frå toppen. Ruta nedatt la eg litt lenger vest. Sikta meg mot ei hytte, då eg forventa sti derifrå, noko som stemte. Lett derifrå og ned til bubilen. Fin dag i fjellet. Null sky og haustfargar.
Benutzerkommentare