Frå Målandsdalen til Liarvatnet om Vardhusheia og Heiahodnet (13.09.2024)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Heiahornet (775m) 13.09.2024
Vardhusheia (761m) 13.09.2024
Besuche anderer PBE Langavatnet demning (450m) 13.09.2024
Brogaheia våpenkonteinere (645m) 13.09.2024

På denne turen til Brogaheia ovanom Longavatnet skulle me montera minneplata etter det allierte våpensleppet her i 1944. Med i sekkane var både plata på 10-12 kg i rustfritt stål, kraftig batteridrill og anna naudsynt utstyr, så børene var litt tyngre enn vanleg. Sidan eg på denne måten fekk skyss til Boremyr, nytta eg høvet til å parkera min eigen bil ved Liarvatnet, og etter monteringa var planen å gå heim den vegen.

Trass i dei tunge sekkane var me ved den store flyttblokka på Brogaheia etter bare 1 ½ time på tur. Me fann ei ideell flate på austsida av steinen; relativt plan, i ei krå med brukbart le og godt synleg frå stien over heia. Montasjen gjekk óg effektivt, og me fekk endåtil prøvd tildekking av det standsmessige slaget med «balkongflagget» mitt. Så vart det ein sving oppom ura der dei rusta containerane framleis ligg, før me skilde lag og dei andre gjekk ned att til bilen sin.

I fint driv ved innløpet til Målandsvatnet med kurs for Brogaheia
I fint driv ved innløpet til Målandsvatnet med kurs for Brogaheia
Kyndig montasje på kampesteinen
Kyndig montasje på kampesteinen
Standsmessig tildekking
Standsmessig tildekking
I ura der restane etter våpensleppet framleis ligg
I ura der restane etter våpensleppet framleis ligg
Frå same staden mot Brogaheia med flyttblokka sentralt. Longavatnet og Vardhusheia dannar kledeleg bakgrunn
Frå same staden mot Brogaheia med flyttblokka sentralt. Longavatnet og Vardhusheia dannar kledeleg bakgrunn
Storfornøgd med resultatet! Minnesmerket er laga i 40x50cm rustfritt stål og fritt levert av IKM Aquamarine på Jørpeland
Storfornøgd med resultatet! Minnesmerket er laga i 40x50cm rustfritt stål og fritt levert av IKM Aquamarine på Jørpeland
Flyttblokka med minneplata montert, godt synleg frå stien
Flyttblokka med minneplata montert, godt synleg frå stien

Sjølv hadde eg med stormkjøkkenet, og i det brukbare vêret gjekk eg opp på Vardhusheia og hadde meg ei kosestund med ein enkel middag på stupkanten. Det var ein småsur trekk frå nord og litt snaut med solgløtt, så eg måtte finna livd bak ein liten bergvegg. Longavatnet var som venta smekkfullt etter fleire dagar med ausregn, og dette var første dagen med nokonlunde godt vêr.

På veg mot Vardhusheia med utsikt mot Longavatnet
På veg mot Vardhusheia med utsikt mot Longavatnet
Klassisk utsikt frå stupkanten på Vardhusheia
Klassisk utsikt frå stupkanten på Vardhusheia
Flaum i Jørpelandsvassdraget etter fleire dagar med ausregn. Vardhustjødnane og Longavatnet går i eitt
Flaum i Jørpelandsvassdraget etter fleire dagar med ausregn. Vardhustjødnane og Longavatnet går i eitt

Med låg vannstand hadde eg tatt snarvegen om Skitli, over den søre kanalen og om Ospeskardet, men nå var det best å gjera vendereis til Brogaheia og gå ned til stemmen den vanlege vegen. Med slik bløyte i terrenget freista det lite å gå ned til Grimsli om Forenesvatnet, til det var det etter alle solemerke altfor vått langs sørsida av vatnet. I staden var planen å gå om Ospeskardet, og eg fekk ein fin tur opp dit, ikkje minst fordi vêret hadde betra seg med solgløtt rett som det var.

På veg ned mot smekkfulle Longavatnet
På veg ned mot smekkfulle Longavatnet
Stupet på Vardhusheia set seg i respekt, 300 hm over Longavatnet
Stupet på Vardhusheia set seg i respekt, 300 hm over Longavatnet
Ikkje snakk om å ha telt i strandsona under slike forhold!
Ikkje snakk om å ha telt i strandsona under slike forhold!
Tungt utstyr frå bygginga av demninga under krigen
Tungt utstyr frå bygginga av demninga under krigen
Den gamle stemmen lek dugeleg, men fungerer godt som flaumvern i Jørpelandsvassdraget
Den gamle stemmen lek dugeleg, men fungerer godt som flaumvern i Jørpelandsvassdraget
Herleg tilbakeblikk mot Longavatnet og Vardhusheia frå Ospeskardet
Herleg tilbakeblikk mot Longavatnet og Vardhusheia frå Ospeskardet

Det freista heller ikkje å gå langs Liarvatnet, og sidan det var altfor lenge sidan eg hadde vore på Heiahodnet, tok eg like godt opp Gudbrandsdalen frå utløpet av Holmavatnet. Stigninga til topps gjekk greit på dei gode stiane, og 1 time 40 min frå eg var ved stemmen i Longavatnet stod eg på den fine kommunetoppen i Strand.

Liaknuten sett frå stien ved Holmavatnet
Liaknuten sett frå stien ved Holmavatnet
Vel oppe av Gudbrandsdalen ved stidelet mot Småsildalen
Vel oppe av Gudbrandsdalen ved stidelet mot Småsildalen
Utsikt mot Botnafjellet og Naganibba
Utsikt mot Botnafjellet og Naganibba
Oppunder toppen av Heiahodnet med utsikt mot Holmavatnet, Vardhusheia og Brogaheia
Oppunder toppen av Heiahodnet med utsikt mot Holmavatnet, Vardhusheia og Brogaheia
Ved vardepunktet på Heiahodnet
Ved vardepunktet på Heiahodnet

På veg ned mot Foreneset traff eg ein kar som viste seg å vera ein kjenning av familien, og han var den einaste eg møtte utanom turfølget mitt til Brogaheia. Det var som alltid godt å koma fram til bilen ved Liarvatnet, og det var ikkje fritt for at eg kjende det i beina etter 20 km, 1100 hm og litt over 7 ½ timar på tur. Av fugleliv såg eg fire liryper på Brogaheia, ei orrhøne ved Holmavatnet og ein jaktande tårnfalk nedanfor toppen av Heiahodnet.

Klassisk utsikt mot begge "hodna" og Småsildalen. Naganibba og Revafjellet er óg kjenneslege til høgre
Klassisk utsikt mot begge "hodna" og Småsildalen. Naganibba og Revafjellet er óg kjenneslege til høgre
Frå om lag same staden mot Foreneset med Liarvatnet og Dalavatnet
Frå om lag same staden mot Foreneset med Liarvatnet og Dalavatnet
Klassisk tilbakeblikk frå stemmen i Liarvatnet
Klassisk tilbakeblikk frå stemmen i Liarvatnet

Då skulle i alle fall alt vera klart for fellestur og minnemarkering på Brogaheia komande søndag 22. september!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.