Vågakallen (04.08.2024)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besteigungen | Vågakallen (943m) | 04.08.2024 23:02 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Vågakallen normalvei | 04.08.2024 23:02 |
Djupfjorden P-plass (5m) | 04.08.2024 23:03 |
I dag var felles familieferie over. Mari tok med ungane med fly til Oslo - og eg tok på meg den tunge oppgåva med å køyre bilen frå Vesterålen til Nordfjord.
Eg køyrde frå Alsvåg søndag formiddag. Avtalen var å hente familyen på flyplassen på Anda torsdag kl. 12. I mellomtida kunne eg gjere som eg ville.
I nord var det panserhøgtrykk, medan i sør var det dritvær. Reknestykket var altså som følger: kor lenge kunne eg drøye å køyre sørover og likevel rekke flyet? Det er 21 timar i rein køyretid frå Alsvåg til Sandane Lufthavn. Så her var det altså moglegheiter.
I allefall. Denne første dagen på frifot ville eg til Lofoten. Eg hadde fått napp på klatring dagen etter, så eg køyrde til Henningsvær. Her var det pakka fullt av folk, og eg sakna allereie Vesterålen sin meir uberørte sjarm. Men men. Etter middag på trevarefabrikken, buldra eg litt under presten. 28 grader her - litt sleipt men gikk ein fin 6C.
Deretter lurte eg litt på kva eg skulle finne på. Etter ein kopp kaffi eller 5 tenkte eg at ein kveldstur til Vågakallen ikkje kunne skade.
Parkerte ved Djupfjord, tok på joggesko og sånn sekk, og loffa avgarde. Litt tung i beina og ganske knødete underlag. Så oppsummerer at dette var drygt til å vere ein så kort tur. Kort men lang. Mista stien eit par plassar også - det var jo stiar over alt.
Det berømte hustaket var jo litt spanande. Det var også klyvinga mot toppen - har ingen problemer med å forstå at ein kan rote seg vekk her i skodda.
På toppen kl. 8 og t-skjortevær. Sjukt fin utsikt - heilt rått. Sat ei stund å tok det inn. Såg eit taulag på nordryggen. Så gikk turen tilbake utan problem, før det vart kvelds og overnatting på Djupfjorden Outlander Camping.
Startzeitpunkt | 04.08.2024 17:52 (UTC+01:00 SZ) |
Endzeitpunkt | 04.08.2024 22:05 (UTC+01:00 SZ) |
Gesamtzeit | 4h 13min |
Zeit in Bewegung | 3h 58min |
Pausenzeit | 0h 14min |
Gesamtschnitt | 2,4km/h |
Bewegungsschnitt | 2,5km/h |
Entfernung | 10,0km |
Höhenmeter | 1.209m |
Benutzerkommentare