Langevasshornet ++ (04.08.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Langevasshornet (591m) | 04.08.2024 |
---|---|---|
Storetua (430m) | 04.08.2024 | |
Svartevasshornet (585m) | 04.08.2024 | |
Tverrfjellet (446m) | 04.08.2024 |
Etter det eg kunne sjå, var dei beste værmeldingane i ytre i dag. Så då blei det tur til Bremanger og ein av dei toppane eg har mangla der ute.
På veg ut var det mykje regn og litt yr innimellom. Eg parkerte nede ved vegen ved Eikeset. I det eg hadde parkert bilen og gjorde meg klar for å gå, slutta regnet og eg håpa i det lengste at tåka skulle lette også. Eg gjekk opp vegen ved Eikeset og vidare over på traktorveg, som etterkvart minna meir om ein litt brei sti enn ein traktorveg. Greitt å gå på når det tydeleg har regna denne natta.
Etter kvart gjekk vegen over i merkt sti og dermed litt blautare å gå. Stiane i Bremanger er veldig godt merka, så når det var litt tåke på Langevasshornet, så gjorde ikkje det så mykje med tanke på at det er mogleg å sjå kvar eg skulle gå uansett. Eg hadde nok føretrekt å gå utan tåka på toppane, men av og til så skjer det og då reiser eg ikkje heimatt utan å gå turen eg har planlagt.
Greitt merkt til både Langevasshornet og Svartevasshornet. Gjekk nedatt stien og fulgte merka sti vidare og kom opp på ryggen mot Storetua og fulgte ryggen dit og vidare til Tverrfjellet. Dette var ikkje merka, men greitt å finne fram. I staden for å gå tilbake på ryggen forbi Stortua fann eg ut eg ville gå ned Skipardalskaret og sikta meg inn på stien mot Hesten. Fulgte denne stien nedatt til vegen og tilbake til bilen. E
Benutzerkommentare