Store Smørskredtind (08.07.2023)

Geschrieben von ArilT (Aril Torheim) GSM

Tourlänge 6h 08min
Entfernung 9,8km
Höhenmeter 1.540m
GPS
Besteigungen Store Smørskredtinden (1.630m) 08.07.2023 10:00

Store Smørskredtind

Tur til Store Smørskredtind med Magnar.

OBS! GPS sporinga ser ut til å ha vert litt ute på tur første kilometeren av turen!!


Vi hadde snakka om tur til Store Smørskredtind ei stund. Planen var å gå opp vestegga, og retur ned til aust men dette vart ikkje då vi var usikker på om det låg snø opp vestegga. Det vart difor både tur og retur frå aust.



Første 500 høgdemeterane gikk i rås opp skogen mot Langfonndalen. Etter skogen forsvann råsa gradvis, og vi dreia kurs nordover mot toppen. Sidan vart det steinur og nokre snøfelt før vi sto ved varden som viste innsteget til austrenna.



Vidare mot toppen var det småklyving langs rute som var merka med små vardar innimellom. Ruta var stort sett tørr og snøfri, med nokon litt våte punkt i nedre del.

Toppen hadde ei postkasse med bok som en kunne føre seg inn i. Det var ingen som hadde ført seg inn hittil i sommar, og eg meinar det var 12 navn sidan Magnar hadde vert her i fjor sommar. Dette vitner om at toppen ikkje er veldig mykje besøkt.
Vi hadde nydelig utsikt i alle retningar og den blei nytt i vindstille omgivelsar i ein time før vi la returen ned mot aust. Etter austrenna sprang vi på snøfelt ned mot Langfonndalen, før vi dreia tilbake mot råsa til Nordangsdalen.



Takk for turen!


Startzeitpunkt 08.07.2023 10:00
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 08.07.2023 16:08
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 6h 08min
Zeit in Bewegung 3h 58min
Pausenzeit 2h 09min
Gesamtschnitt 1,6km/h
Bewegungsschnitt 2,5km/h
Entfernung 9,8km
Höhenmeter 1.539m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.