Kvanngrødfjellet (21.05.2023)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 2h 02min
Entfernung 6,6km
Höhenmeter 574m
GPS
Besteigungen Kvanngrødfjellet (920m) 21.05.2023 17:06

Kom køyrande opp Guddalen til Byrkjosen til dagens andre tur. Fine vatn nedanfor her. Greidde å parkere bilen ut på nokre grastustar før nedkøyrsla til garden. Gikk så knapt 100 meter, og kika i grøftekanten, til eg plutseleg såg ei opning mellom to bjørketre. Eit falma blått band på eine treet. Stien gjorde seg greitt gjeldande ca. 5 meter inn i terrenget. Opp ryggen var det bratt og god sti. Den bar preg av lite bruk. Då det flata ut, dreia eg litt til høgre, og så i retning opp på fjellryggen. Kunne gjerne følgt stien rundt haugen også. Veldig fint å gå slik på lite bratte sva-parti frå haug til haug. Nokre snøfelt innimellom, som heldigvis bar tyngda. Litt stigning att til sist. Brukte ein god time ut til den staselege varden. Den var sikkert 1,5 meter i diameter. Kor kan ein lese historia om vardebygginga i Norge ? Har ikkje sjekka ut det enno. Nydeleg utsikt i alle retningar, slik det som regel er på ein så sjølvstendig topp. Mykje snø ligg enno att på andre sida av Sognefjorden. Fin utsikt til Blægja og Kvamshesten. Småtrippande på returen, glad og fornøygd etter to flotte turar i fint landskap. Greitt å komme lenger vest, her som vinteren har sluppe taket. Her er eit større utval av fjell, med lægre høgd enn innst i Sognefjorden. Så var det å sno bilen ned mot Vadheim, og retur heim via Førde. Med musikk og flott natur, kosar eg meg i bilen også. Ein fin dag.

Mot toppen på Kvanngrødfjellet.
Mot toppen på Kvanngrødfjellet.
Retning nordaust.
Retning nordaust.
Blægja og Storehesten.
Blægja og Storehesten.
På retur sør-vest.
På retur sør-vest.
Byrkjosvatnet og Vikavatnet.
Byrkjosvatnet og Vikavatnet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.