Vedabakknosi (04.12.2022)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 45min
Entfernung 8,9km
Höhenmeter 673m
GPS
Besteigungen Vedabakknosi (1.262m) 04.12.2022 15:05

Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol no, vel to veker før sol-snu. Kosa meg på turen, passe lang i kulden. Det var mellom - 8 og - 12 i dag. Høgdepunkta var utsikt mot Hurrungane fleire gonger, og toppinga som også hadde fjord-utsikt. Tid på turen opp 1:34 og nedatt 1:02. Kosa meg på returen, med kongeutsikt nedatt flanken frå toppen.

Ut av bjørkeskogen dukkar Hurrungane opp i nær majestet.
Ut av bjørkeskogen dukkar Hurrungane opp i nær majestet.
Vedabakknosi. Skal inn ein botn godt til høgre for toppen.
Vedabakknosi. Skal inn ein botn godt til høgre for toppen.
Ned dalen. Raudbergnuten toppen i midten.
Ned dalen. Raudbergnuten toppen i midten.
Opp frå inste botn. Skugge-sida av toppen.
Opp frå inste botn. Skugge-sida av toppen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.