Tunga (21.08.2022)
Geschrieben von aarvag (Steinar Aarvåg)
Besteigungen | Tunga (1.424m) | 21.08.2022 |
---|
Tidleg start for å prøve å kome regnversmeldingane i forkjøpet. Ein topp som i grunn fortener å bli løfta fram frå Kongskronas skugge - lett tilgjengeleg og spektakulær utsikt både mot Grasdalen og ikkje minst Vinnumassivet og breen. Egnar seg best for den som ikkje er nevneverdig opptatt av tørrskodd ferdsel og greier seg godt utan merka sti.
Men der det finst våte sko finst det også molt - dagens matpakke fekk dermed ligge urørt i sekken heilt til ankomst ved bilen igjen. Tok "yttersvingen" ned i botnen på returen for å benytte nokre snøfonner nedover lia, truleg utan å spare særleg med tid..
Kommentarer