Litjehesten (28.07.2022)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startpunkt Stølshaugane (408m)
Endpunkt Stølshaugane (407m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 15min
Entfernung 11,1km
Höhenmeter 725m
GPS
Besteigungen Litlehesten (915m) 28.07.2022
Vest for Litlehesten (938m) 28.07.2022
Besuche anderer PBE Skaraly (701m) 28.07.2022

Litjehesten er fjellet eg verkeleg har vokse opp med. Frå stovevindauget kunne vi sjå rett på Litjehesten. Og på vinteren gjekk vi på ski opp til Rypehogen via den frykta Antonstien. Og då eg vart gammal nok, så var turen opp under hesten via Oksekleivheia obligatorisk. Toppen er nok ikkje like kjent som Storehesten, men for meg var Litjehesten minst like kjent. Og eg vil tru at dette gjeld fleire som er vaksen opp inst i Solheimsdalen.
Det går fint an å gå opp frå Solheimsdalen og opp til toppen av Litjehesten, men det er nok lettare frå Stølshaugane via Skaraly. No når det er komen opp bru over elva, så er det ingen problem.
Stien i dag var litt blaut, men med nydeleg vær, så gjorde det ikkje noko. På returen gjekk eg via høgste punktet på Litjehesten. Der fekk eg litt betre utsikt mot Solheimsdalen.

Skaraly med Litjehesten i bakgrunnen
Skaraly med Litjehesten i bakgrunnen
Brua over elva gjer det lettare å krysse. Sist eg og min søster gjekk her, brukte vi lang tid for å krysse elva
Brua over elva gjer det lettare å krysse. Sist eg og min søster gjekk her, brukte vi lang tid for å krysse elva
Varden på toppen av Litjehesten
Varden på toppen av Litjehesten
Bygstad og Dalsfjorden
Bygstad og Dalsfjorden
Bygstad og Dalsfjorden
Bygstad og Dalsfjorden
Frå toppen av Litjehesten med utsikt mot heimen der eg vaks opp
Frå toppen av Litjehesten med utsikt mot heimen der eg vaks opp
Karstadvatnet sett frå Litjehesten, vest (Venevatnet i forgrunnen)
Karstadvatnet sett frå Litjehesten, vest (Venevatnet i forgrunnen)
Solheimsdalen og Gjøset sett frå Litjehesten, vest
Solheimsdalen og Gjøset sett frå Litjehesten, vest
brua over elva, snart tilbake til Skaraly
brua over elva, snart tilbake til Skaraly

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.