Ikonet Preikestolen (23.06.2021)

Geschrieben von Augustusogmegpaatur

Startpunkt Refså kai
Endpunkt Preikestolhytta (300m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 00min
Entfernung 12,0km
Höhenmeter 600m
Karte
Besuche anderer PBE Preikestolen (604m) 23.06.2021

Eg hadde gått til Preikestolen eit par gongar tidlegare, heilt tilbake 90-talet. Ein kan sjølvsagt undrast kvifor eg ikkje har gått der sidan då, men det er vel ofte med slike turist-plassar me besøker ikkje dei som finst i eige nærområde. Men St Hans dette året fekk ei moglegheit som eg så absolutt ville få med meg: Båttur med Helgøy Skyssbåt innover Lysefjorden fyrst for så å bli sett av på Revså kai og gå derfrå. For ein magisk tur! Nydeleg terreng frå fjorden og opp til Revsvatnet, vakkert langs vatnet til andre sida og Preikestolhytta, og så til slutt den ekstremt flott tillaga turstien frå hytta og opp til platået! Det var ikkje slik på 90-talet! Men sjølve Preikestolen er fortsatt den same heldigvis, han heng fortsatt på kanten, og utsikta innover og utover fjorden er like slåande. Pass på når du er der at du går bak og på oppsida av platået òg slik at du får sett Preikestolen frå oven òg. Det er ganske stilig! Så etter ein god rastepause på platået og sjølvsagt mange bilete seinare, vende me nasen tilbake til Preikestolhytta og tok bussen ned att.
Får du ein slik moglegheit nokon gong, så grip han! Kanskje Helgøy Skyssbåt tar nye turar neste sommar?

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.