Kølåsen, Haraldsfjellet, Sæteråsen og Hvittingen (26.06.2020)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Kølåsen (145m) | 26.06.2020 09:30 |
---|---|---|
Haraldsfjellet (207m) | 26.06.2020 10:42 | |
Sæteråsen (395m) | 26.06.2020 16:39 | |
Hvittingen (403m) | 26.06.2020 21:12 | |
Tyriåsen (320m) | 26.06.2020 22:21 | |
Besuche anderer PBE | Svelvik (0m) | 26.06.2020 |
Jaren stengt vei (110m) | 26.06.2020 09:22 | |
Skjøttelvika p-lomme (30m) | 26.06.2020 09:58 | |
Mariås parkering (130m) | 26.06.2020 15:36 | |
Ebbestadvannet (155m) | 26.06.2020 15:59 | |
Hvittingen p-plass (135m) | 26.06.2020 20:05 | |
Orebergvannet (160m) | 26.06.2020 20:16 |
Andre dag på tur rundt Oslofjorden. Vi køyrde frå parkeringa ved Stikkvannskollen til Holmsbu for dagens første tur. Turen på Kølåsen var veldig kort. Det bygges hytte på høgaste punkt.
Neste tur gjekk til Haraldsåsen. Der var det bra råk heile vegen opp. Etter turen køyrde vi ut til Rødtangen og bada i sjøen.
Vidare tok vi ferga frå Verket til Svelvik. Der gjekk vi på Sæteråsen. Oppover gjekk vi om Ebbestadvatnet for å bade, men der var det skilt om drikkevann og bading forbudt. Så det vart ikkje noko bad. Flott tårn på toppen.
Etter den tredje turen køyrde vi vidare til Sande. Der kjøpte vi pizza på Pizzabakeren, og åt middag ved SKjervikbukta. Etter middag vart det ein siste tur for dagen. Vi køyrde oppover mot Hvittingen, og parkerte ved bommen. Det vart bad i Orebergvatnet både på veg oppover og etter at vi hadde vore på Tyriåsen. Grusveg opp til Hvittingen, men råket opp til Tyriåsen var ikkje så godt vedlikehalde.
Overnatting i bilen like ved parkeringa.
Benutzerkommentare