Haukåsen og Puttåsen (29.04.2020)

Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal)

Startpunkt Lindeberg (193m)
Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 1h 52min
Entfernung 8,1km
Höhenmeter 295m
GPS
Besteigungen Haukåsen (357m) 29.04.2020 19:08
Puttåsen (363m) 29.04.2020 19:30

Start ved Lindeberg, nærmare bestemt parkeringa ved Ole Reistads vei. Her finn ein skilt til Haukåsen som les 3,4 km langs blåmerka rute. Fin sti og tydeleg merking heile vegen. Artig å være oppe ved "golfballen" ein ser frå så mange vinklar om ein held til i Oslo-området. Vidare tilbake over høgda til ein kjem inn på stien som går tilbake ned til Lindeberg, men først måtte det bli ein avstikkar opp til Puttåsen. Ikkje noko særleg markert toppunkt, men ein ser kor det er. Ned att til ein møter stien ein fulgte opp. Overraskande tørt i terrenget til tross for litt nedbør den siste tida. Fin runde!

Den karakteristiske radaren på toppen av Haukåsen.
Den karakteristiske radaren på toppen av Haukåsen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.