Skitur i Verdsarvområde i Aurland og Lærdal (21.05.2020)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 7h 13min
Entfernung 28,4km
Höhenmeter 881m
GPS
Besteigungen Daurmålsnosi (1.183m) 21.05.2020 15:11
Middagsnosi (1.180m) 21.05.2020 16:14

Endeleg. Lenge planlagt tur til to Lærdalstoppar som ligg utanfor allfarveg. Har venta på vêret lenge. Skya, og ikkje optimalt i dag heller, men god nok sikt og meldingar. Det vart eit eventyr av naturopplevingar. Umogeleg å formidle med bilde. Litt flatt lys i dag. Utsikta mot fjordlandskapet, og Frønningan tek nesten pusten frå ein. Kontrastane, proposisjonar, variasjon og avstand. Bleia og Storebotn er landskapsvernområde, og av ei årsak. Dette er ein tur eg vil tilrå som fjellskitur for turlaga. Eg hadde ruteval, teikna inn på førehand, med alternativ. Valde som hovudprioritert. Eitt av alternativa var retur over Grånosa (Aurland). Hadde då fått meir skikøyring nedover. Ville vurdere på retur grunna store snømengder i år. Avgjorde at retur opp skaret mot Grånosi vart for risikabelt. Store skavlar, og snømengder mot trasé og nesten 30 grader. Difor vart retur mykje likt tur, men meir rett over Storebotn, og Svarthovd på andre sida for variasjonen sin del. Det var varmt i dag, og føre var suuug. Eg hadde større hastigheit i motbakken enn unnabakken. Fant ein teknikk å gå laust med Randonee-utstyret utan feller i flatare parti. Det fungerte bra sidan ein sokk litt nedi. Utsyret vart vald i fall eg skulle over Grånosa på retur. Fjellski hadde sannsynlegvis passa betre, men også usikkerheitsfaktor med gjennomslag når det er så varmt. Breide ski var i alle høve rett val. Fantastisk tur, som eg skal gå oppatt.

Under Svarthovd. Straks nedover.
Under Svarthovd. Straks nedover.
Enno langt til dei to runde toppane. Dauermålsnosi til høgre, og Middagsnosi til venstre.
Enno langt til dei to runde toppane. Dauermålsnosi til høgre, og Middagsnosi til venstre.
Daurmålsnosi.
Daurmålsnosi.
Varde to på Dauermålsnosi. Frønningåsen nærast. Båt inn Aurlandsfjorden. Ville fjell over Fresvik og Balestrand.
Varde to på Dauermålsnosi. Frønningåsen nærast. Båt inn Aurlandsfjorden. Ville fjell over Fresvik og Balestrand.
Frønningåsen.
Frønningåsen.
Middagsnosi.
Middagsnosi.
Utsikt frå Middagsnosi. Sognefjorden.
Utsikt frå Middagsnosi. Sognefjorden.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.