Familieslit til Heimre fagerdalshøe (29.07.2019)
Geschrieben von Hommpbollen (Tor)
Besteigungen | Synshorn Sør (1.455m) | 29.07.2019 14:26 |
---|---|---|
Heimre Fagerdalshøe (1.510m) | 29.07.2019 16:09 | |
Besuche anderer PBE | Fagerstrand Parkering (1.063m) | 29.07.2019 18:04 |
Ein litt småhissig, men likevel ganske kjekk tur, over Synshorn til Heimre Fagerdalshøe med 3-åringen. Jenta gjekk som ei dronning heilt opp til Synshorn og sette standarden for at denne turen jammen går an for ei/ein på hennar alder. Bortover ryggen var likevel dei små beina vortne nokså slitne, så då vart det fort opp på skuldrane.
Pappaen berre MÅTTE opp på Heimre Fagerdalshøe for å krysse av toppen, og medan han gjorde det sat kona og jentungen og venta i lia nedanfor. Det gjekk kjappare enn eg hadde trudd. Med unntak av ei kryssing i bratt terreng under berget (som kona slett ikkje likte!), gjekk turen tilbake i slakt og fint terreng ned att til stien mot Synshorn.
Litt drahjelp frå hunden må ein kunne unna seg (heilt til ho gjekk på trynet)
Toppen er nådd!
Trøtte bein med fall som resultat bortover ryggen.
Den nemnde kryssinga - sjekk sinte-trynet på kona!
Benutzerkommentare