Bjøbergdalen med toppar til (15.06.2019)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 43min
Entfernung 27,5km
Höhenmeter 1.127m
GPS
Besteigungen Graveggi Øst (1.665m) 15.06.2019 12:52
Nord for Hemsedalstjernane (1.460m) 15.06.2019 14:11
Øljuhalsane (1.517m) 15.06.2019 15:06
Nordvest for Øljuhalsane (1.489m) 15.06.2019 15:24
Graveggi (1.693m) 15.06.2019 16:55

Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare til 50 pm. Nord for Øljuhalsane. Så ned i flott terreng mot 1633-toppen, rundt største av Hemsedalstjørnan, og inntatt på DNT-stien. Bratt opp, før eg sikta meg inn på 1633. Ingen vesentleg faktor, men dagens finaste utsikts-topp. Greitt også å følgje rygg i staden for ujamn ur. Vidare vest ned i skar, og opp til 1661, og så nedsatt og opp til dagens siste topp, Graveggi, 1693, like over Bjordalsbu. Vurderte å gå ned til Bjordalsbu, men magen var tom, og korteste veg på retur freista mest. Valde låge sko med litt for mjuke sålar i dag, noko som var i grenseland. 7 toppar i dag, der tre var 100 pm., ein 50 pm. og tre lægre med ukjend faktor. Fin men lang tur tilbake til bilen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.