17. mai tur frå Vardahaug bru i Erdal. Var spent på snøforholda. Planen var å utforske om vi kunne nå Daurmålsnosi og Middagsnosi mot Frønningen. Var litt i tvil. Og snøforholda talde for at det kom til å bli utfordrande. Så plan vart endra til Erterhaug som mål. Måtte bere skia i ca. 35 min, og det blei så av og på 8 - 10 gonger over snøbruer og lyng. I det vi skulle ha på skia, oppdaga Marita at eine festepiggen på bindingen var borte. Ho måtte difor snu, og valde å gå på Vardahaug støl, og toppen bak (1336) i staden. Då heldt eg fram aleine. Etter kvart fint skiføre, og kjekt å gå. Jamn lett stigning innover. Sjølve nedkøyringa frå toppen vart litt antiklimaks. Det var såpass sug, at farten vart låg. På retur valde eg å gå litt lenger på føtene. Følgde rygg, og så ned til sti ved elva. Kjekt å gå på ski på grunnlovsdagen :)
Benutzerkommentare
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare