Reinheimen pf 100 94/116
Det var lite bilar på parkeringa på Billingen, tydeleg at påska var over. Ein kar på scooter skulle innover med ved til hyttene, dette takka vi for seinare på dag. Kom oss avgarde før kl 1000. Kunne kjapt konstatere med staven utanfor scootersporet at det var botnalause sørpe alt så tidleg på føremiddagen. Aiai dette kunne bli interessant ja. Kryssa brua og kjempa oss oppover sida i råten snø. Som vi tenkte kom dette seg oppover når det flata ut på 1200 meters høgde. Peila oss inn i rett linje forbi Langvatnet mot Høggøymen. Var innom 3 pkt som alle har 1740-kote. Truleg er den midterste høgast med 1747 som registrert her, men den søre er ikkje langt unna. Nordtoppen og trigpkt er klart lavare. Tok av kortfellene og glei mot Torsflyene. Prøvde styre unna steinar som stakk opp, her var snøen pill råtten. La ikkje på kortfellene før stigninga til Tordseggje. Fantastisk temperatur og nesten for mykje av det gode. Kryssa oss opp den bratte sida og så slakt nordover til Tordseggje. Det såg veldig fristande ut å gli rett ned i Torddalen, men vi var veldig usikre på korleis forholda var der nede i solsteiken. Då ville vi heller gå for det trygge og følgje scootersporet tilbake. I etterkant trur vi dette var lurt. Elvane er snart åpne i området og vi fekk fylle flaskene ved brua sør for Tverråhytta. Herifrå var det heilt ferske scooterspor som gjorde den siste mila med utfart overkommeleg. Å gå utanfor sporet var utenkeleg. Det var meget godt å komme til bilen igjen etter ein skikkeleg slitetur i fantastisk ver. Direkte på NRK Sport og dagens fotballrunde. I Stryn vart det obligatorisk Cola og potetgull med alt det medfører av kroppslydar og dårlege manerar. Torleiv vart forstyrra av ein telefon, så han rakk ikkje knørve potetgullposen før Kjøs.
Dette var ein slitetur. Hadde det ikkje vært for scootersporet frå Veltdalshytta hadde vi stått der inne ennå og stampa i sørpe. Formen er grei, ikkje meir. Men eg er lettrena.
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare
Langtur.
Geschrieben von BjørnF 23.04.2019 15:51Ser du har benyttet godværet i påsken godt. Solide turer så formen er på topp skjønner jeg, ikke bare sparking av småstein!
Sv: Langtur.
Geschrieben von boven 23.04.2019 20:57Dette var ein slitetur. Hadde det ikkje vært for scootersporet frå Veltdalshytta hadde vi stått der inne ennå og stampa i sørpe. Formen er grei, ikkje meir. Men eg er lettrena.