Moslivarden, Løknuten og Lammatoknuten frå Preikestolhytta (19.10.2018)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Lammatoknuten (617m) 19.10.2018
Løknuten (640m) 19.10.2018
Moslifjellet (718m) 19.10.2018

Fin ettermiddagstur, ca. 3 timar. Opp på Moslivarden normalvegen om Preikestol-stien og Slåtteskardet, så ned mot nordaust og langs Midtslåttsvatnet under Løknuten. Runda knausen nord for Løknuten på austsida og bratt til topps frå nord. (Knausen heiter litle Løknuten på eit gammalt kart). Greit ned i skardet på sørsida av Løknuten og rett opp på Lammatoknuten. Derifrå kort veg rett aust til stien frå Neverdalsskardet og retur på Preikestol-stien. Rufsete terreng utanom stiane, med mosegrodd urd og ein del brattheng.

Mot Moslidalstjødna med Løknuten til venstre og Lammatoknuten til høgre
Mot Moslidalstjødna med Løknuten til venstre og Lammatoknuten til høgre
På Moslivarden med utsikt mot Lysefjorden og Urdhaugane til venstre. Ein flik av Troppevatnet sjåast óg
På Moslivarden med utsikt mot Lysefjorden og Urdhaugane til venstre. Ein flik av Troppevatnet sjåast óg
Frå Moslivarden mot Buksetjødnane og Hengjanevatnet bakerst. Av toppane dominerer Naganibba til venstre
Frå Moslivarden mot Buksetjødnane og Hengjanevatnet bakerst. Av toppane dominerer Naganibba til venstre
Mot Troppevatnet og Urdhaugane
Mot Troppevatnet og Urdhaugane
I skardet nord for Løknuten med utsikt mot Midtslåttsvatnet og Moslivarden
I skardet nord for Løknuten med utsikt mot Midtslåttsvatnet og Moslivarden
Frå Løknuten mot Moslidalstjødna
Frå Løknuten mot Moslidalstjødna
Frå Lammatoknuten med tilbakeblikk mot Løknuten og Moslivarden
Frå Lammatoknuten med tilbakeblikk mot Løknuten og Moslivarden
Frå Lammatoknuten mot Moslidalstjødna
Frå Lammatoknuten mot Moslidalstjødna
Frå Lammatoknuten mot Troppevatnet og -tjødnane
Frå Lammatoknuten mot Troppevatnet og -tjødnane

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.