Nautgardstind (28.04.2018)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Tourlänge 7h 25min
Entfernung 21,2km
Höhenmeter 1.378m
GPS
Besteigungen Nautgardstinden (2.258m) 28.04.2018 16:03
Besuche anderer PBE Hulderstigen parkering (875m) 28.04.2018 11:00
På tur oppover mot Nautgardstind
På tur oppover mot Nautgardstind
Mot Stornubben
Mot Stornubben

Kristine har investert i nye randoneeski, og vi ønska å teste dei ut. Det var meld om godvêr aust i Jotunheimen på laurdag, så vi tok ein dagstur. Vi køyrde frå Gausdal litt over åtte, og gjekk i veg frå Hulderstigen parkering klokka 11.00. Vi gjekk omtrent same tur for to år sida, den gongen såg vi ingen andre, nå var det mange folk på tur til Nautgardstinden. Ved start var vi ikkje sikre om vi ville på Nautgardstind eller Stornubben, eller båe. Vi fann ut at Nautgardstind vart hovudmålet. Oppe på toppen var vi ganske slitne, Kristine hadde første tur nokon gong på randonne, og eg gjekk på telemarkski for første gong på tre år. I tillegg kom det eit valdsamt styggvêr innover frå aust mot Stornubben. Dermed vart Nautgardstind einaste topp denne gong, det vart likevel ein flott tur i fint vêr.

På veg oppover
På veg oppover
Flott utsikt på toppen
Flott utsikt på toppen
På Nautgardstind
På Nautgardstind

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.