Vintertur til Trollhøi (28.01.2018)

Geschrieben von KnutStorvik (Knut Storvik)

Startpunkt Lemonsjøen alpinsenter (863m)
Endpunkt Lemonsjøen alpinsenter (1.370m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Entfernung 6,2km
Höhenmeter 507m
Karte
Besteigungen Trollhøe (1.370m) 28.01.2018

Årets fyrste randotur gjekk til Trollhøi i Vågå. Den er ein lett tilgjengelg og fin tur frå Lemonsjøen alpinsenter. Vi fulgte familiebakken opp alpinbakken via Geithøe og gjekk nesten heilt opp til toppen av alpinbakken.

Det var lite snø på toppen av Trollhøe, men det var fint ellers.
Det var lite snø på toppen av Trollhøe, men det var fint ellers.

Vi tok til høgre opp Kalvtjønnbekken og kom på Trollhøi frå sørsida. Ingen særlege bratte bakker til topps siden vi var obs på rasfare. Bare hold litt avstand til dei bratteste partia og noen skavler. Da vi kom til topps køyrde vi ned på nordsida og skrådde aust mot Geithøe der vi kom inn i alpinbakken igjen

Vi køyrde ned på nordsiden av Trollhøe (oppe til venstre i bildekanten) og skrådde inn mot alpinbakken igjen
Vi køyrde ned på nordsiden av Trollhøe (oppe til venstre i bildekanten) og skrådde inn mot alpinbakken igjen
Omtrentlig rute stiplet inn på kart
Omtrentlig rute stiplet inn på kart

Til saman brukte vi 4:15 på turen frå parkeringa. Da gjekk vi i roleg tempo og hadde nokre pauser. Det var ikkje så mykje snø, men nok til at det vart ein fin tur. Snøen på nedkøyringa var hard og delvis skavlete.

Anbefales som ein fin liten tur!

Vakker utsikt på nedkøyringen.
Vakker utsikt på nedkøyringen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.