Midtre Sølen (16.09.2017)  5

Geschrieben von bakken59 GSM

Startpunkt Gravåsen (794m)
Tourlänge 7h 00min
Entfernung 22,9km
Höhenmeter 1.025m
GPS
Besteigungen Midtre Sølen (1.755m) 16.09.2017 13:54
Besuche anderer PBE Gravåsen parkering (790m) 16.09.2017 10:16

Etter å ha køyrd frå Oslo fredag ettermiddag, overnatta på Koppang og køyrd opp Rendalen til Grøndalen, der vi betalte kr 50, og køyrde inn til Gravåsen og parkerte. Vi starta å gå under høg himmel, men skiftande skydekke der toppane låg i skydekke. Flotte haustfargar, litt vind, og ganske frisk temperatur. Anmarsjen til osen ved Skardstjønni, tok oss to timar og 10 minutt. Noja, Eirik venta på oss der og gjekk 15 minutt fortare. Ei rask brødskive og så starta vi på oppturen. Vi gjekk inn i skydekket etter ca 200 hm, og dessverre klarna det ikkje opp medan vi var på toppen. Men på veg ned, var det opent utsyn mot vest frå den vesle ryggen mellom toppen og toppen på ca 1680. Rart at det bles mykje mindre på toppen enn på vegen inn og opp. Vi rasta ovafor Skardstjønni då vi kom ned under skydekket, sol først, men så fekk vi ei snøbyge i ryggen. Heim gjekk vi den austre stigen frå Skardstjønni. Total tid 7 timar og 10 minutt, gåtid 6 timar og 11. Av hm viste garmin 1130 og avstand 23 km. Anne og Eirik var med.

fremad
fremad

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.