Rauma: Aust for Trollstigen (07.08.2017)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Alnesreset (820m)
Endpunkt Alnesreset (820m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 33min
Entfernung 17,8km
Höhenmeter 1.536m
GPS
Besteigungen Børa (1.210m) 07.08.2017
Skarfjellet Nord (1.568m) 07.08.2017
Tua Vest (1.549m) 07.08.2017

En enslig hundrings stod igjen aust for Trollstigen. I tillegg ville eg plukke med 1549-toppen. Veldig greitt å starte der eg gjorde, ned til vatnet og så oppover dalen. Tok opp litt for mykje høgde før eg såg vidare så måtte nedigjen litt. Retursporet i dalen er bedre. Så bratt opp mot Børa. Klyvra opp ei skåre her, gjekk ikkje heilt rundt hammaren. Vestegga til 1568-toppen er grei å gå, litt stor ur eit stykke. Ned søregga og heilt problemfritt. Opp frå Isglupen er det bratt men fleire mulege rutevalg. Retur omlag same ruta. Mot Børa drog det seg til med skodde og ei sure byge. Letta igjen så kleda tørka nesten opp til eg kom til bilen. Men så var det slutt. Satte meg ned utanfor bilen før eit lyn og eit påfølgjande tordenbrak skremde meg innendørs. Det var nesten natt ute og regnet hølja ned. Fyflate dette var akkurat i tide!

Alnesvatnet mot Bispen
Alnesvatnet mot Bispen
Stigbotthornet
Stigbotthornet
Dagens hovudmål, den namnlause toppen nord for Skarfjellet
Dagens hovudmål, den namnlause toppen nord for Skarfjellet
Frå toppen mot Isglupen. Ja namnet har si forklaring. Neste stopp er egga aust for Isglupen, denne har inntil videre pf 99m. Bedre kart enn 20m-koter trengst.
Frå toppen mot Isglupen. Ja namnet har si forklaring. Neste stopp er egga aust for Isglupen, denne har inntil videre pf 99m. Bedre kart enn 20m-koter trengst.
Bra ver, heilt til eg kom til bilen. Då braka det laust med eit uver av dimensjonar. Veldig heldig med timinga for å seie det forsiktig.
Bra ver, heilt til eg kom til bilen. Då braka det laust med eit uver av dimensjonar. Veldig heldig med timinga for å seie det forsiktig.
Frå 1549-toppen mot Slettflybotnen
Frå 1549-toppen mot Slettflybotnen

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.