Rauma: Nonstinden, Møre og Romsdal nr 1000! (13.10.2016)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Parkering Røsta (440m)
Endpunkt Parkering Røsta (440m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 20min
Entfernung 8,9km
Höhenmeter 1.148m
GPS
Besteigungen Nonstinden (1.572m) 13.10.2016
Toppbok på Nonstinden. Merkeleg nok nesten ikkje besøkt i fottursesongen. Eit turfølgje på 4 hadde vore her sidan Lise var her i august. Toppen midt i bildet er endå finare, Middagstinden som eg var på i går.
Toppbok på Nonstinden. Merkeleg nok nesten ikkje besøkt i fottursesongen. Eit turfølgje på 4 hadde vore her sidan Lise var her i august. Toppen midt i bildet er endå finare, Middagstinden som eg var på i går.
Drista meg til å ta ein selfie i dag. Vurderte og skotuppbildet men det ville vel blitt i heftigaste laget.
Drista meg til å ta ein selfie i dag. Vurderte og skotuppbildet men det ville vel blitt i heftigaste laget.
Topp nr 1000 i Møre og Romsdal. Då er det berre resten igjen.
Topp nr 1000 i Møre og Romsdal. Då er det berre resten igjen.

Låg lenge og drog meg i bilen i dag. Bikkjekaldt, trumaen fekk gå ein time før eg våga meg ut under dyna. Så var det heller ikkje noko superlang tur eg skulle på, så greitt å vente til sola hadde fått tak. Parkerte på Nedre Røsta parkeringsplass. Her var det skilta i alle retningar og infotavle. Skilting til UTEDASS var det og. Fulgte stien mot Stordal/Fokhaugstova mm. No hadde eg heldigvis info frå Lise om stien bak jakthytta. Den var lett og finne, og den tok meg over skoggrensa. Så var det berre å peile seg opp steinura til ryggen og vidare lett til Nonstinden 1573. Nokre få snøflekkar oppover, mot toppen på det flate partiet litt meir snø, men ingen vanskar. Brukte akkurat 2 timar opp. Boka som Palmer Øverland la ut i 2000 var langt frå utskriven. Dette er nok ein flott skitur, ein vårskiklassiker som Geir skriv i kommentarfeltet. Då er imidlertid boka og varden dekka av snø. Men at ikkje fleire går denne som fottur forundrar meg. Kosa meg nesten ein time der oppe før eg returnerte omtrent same ruta. 3 flotte haustferiedagar i Rauma. Årets mål om å nå 1000 ulike pf 100 i Møre og Romsdal i boks.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Gratulerer med 156 igjen !

    Geschrieben von Snilen 14.10.2016 12:17

    Du fikser vel det også.

  • -
    avatar

    Gratulerer...

    Geschrieben von GeirI 14.10.2016 08:56

    med nr. 1000.

    Nonstinden er ein av dei store toppturklassikarane på ski her i distriktet, og er difor mest besøkt i skisesongen. Trafikken er stor, men då er bokkassa nedsnøa :)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer...

      Geschrieben von boven 14.10.2016 10:47

      Ja den nedkjøyringa der er nok legendarisk, tenkte på det når eg gjekk oppover.

  • -
    avatar

    Grattis!

    Geschrieben von Nils 14.10.2016 07:19

    Gratulerer med den, Ove! Det er noen motbakkemeter det, og kalorier forbrent. Er litt mer jobb med det fylket kontra f.eks Østfold, som jeg har nær tilgang til. ;-)

    Ja da er det "bare" resten igjen, 156 topper. De tar du senere. :-)

  • -
    avatar

    Særdeles

    Geschrieben von Stigun 13.10.2016 23:03

    imponerende! Gratulerer med massiv prestasjon og dedikasjon!

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Geschrieben von Freeflex 13.10.2016 22:16

    Vi bøyer oss i hatten! :)

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.