Halsa: Storfjellet, Tindan og Hennafjellet PF100 komplett (20.06.2015)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Hennasetra (235m)
Endpunkt Hennasetra (235m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 06min
Entfernung 10,5km
Höhenmeter 845m
Karte
Besteigungen Hennafjellet (633m) 20.06.2015
Storfjellet (694m) 20.06.2015
Tindan (724m) 20.06.2015

Dagens 3. tur, og siste tur i Halsa kommune. Banka på hos ein triveleg bonde i bygda og spurde om veien innover mot Hennasetra. Den var det berre å kjøyre, bomvei kr 40. Det var blitt laga til parering for STIKK UT-samlarar ved sætra. Denne parkeringsplassen var ikkje stor, i tillegg moldete og blaut. Fekk no lurt til den store bilen utan å kjøyre meg fast. Merka sti til Tindan 2,6 km og Hennafjellet 1,5 km, veldig lett å finne fram. 1,5 km er nok veldig kort, GPS viste 2,1 km og då var eg ikkje bort på punktet der STIKK UT-kassa var. Merkeleg at dette ikkje er på toppen, men på ein hump litt lenger nord. Ein bestefar med 2 gutar eg møtte var overraska over at eg ikkje samla STIKK UT. Vel det er så mykje der som ikkje er veldig lokkande. Ein stein, ei rotvelte eller ei fure ser ein mange plassar om ikkje det står STIKK UT der.

Frå Hennafjellet gjekk eg mot Tindan. Svak blåmerka sti oppover til toppen. Her var det bok. Gjekk ned i skaret mot Storfjellet og lett opp 200 høgdemeter til siste topp i Halsa. Kosta på meg ein liten matpause her. Tilbake til skaret og rett vest til Hennadalen. Fulgte ein svak sti ut over søkkblaute myrar. Passerte eit lite STIKK UT-skilt. Trur det var til ein stein. Kjøyrde nedover mot bygda igjen og parkerte på ein lomme med skilting Klovstien. Mekka middag med tilhøyrande leskedrikk. Feiring av ny komplett kommune.

Mot Tindan frå Storfjellet
Mot Tindan frå Storfjellet
Frå Storfjellet mot Hjelmen og Hjelmkona
Frå Storfjellet mot Hjelmen og Hjelmkona

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Halsa.

    Geschrieben von BjørnF 23.09.2020 11:59

    Kom over denne gamle rapporten nå. Denne steinen som det var ikke hviken som helst stein. Det er selveste Bjønnasteinen. Her ble ei gjeterjente drept av bjørn. Hun hadde tydeligvis prøvd å redde seg ved å springe rundt steinen, for det var flere runder med garn rundt steinen. I gamle dager var det vanlig å ha med seg strikketøy ut. Jeg husker to nabodamer som gikk over gårdsplassen vår da de gikk til butikken De gikk alltid og strikket!

  • -
    avatar

    Halsa

    Geschrieben von otto 25.06.2015 10:35

    Gratulerer med ny kommune pf 100...

    • -
      avatar

      Sv: Halsa

      Geschrieben von boven 28.06.2015 21:25

      Takk igjen Otto!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.