Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (20)
- Jagd (20)
-
Andere Wintertour (1)
- Schneeschuhtour (1)
- Fahrradtour (2)
- Fußtour (189)
- Skitour (167)
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
Lieblingsgipfel
Reineskarvet mai 1999
- Datum:
- 01.05.1999
- Tourcharakter:
- Skitour
- Entfernung:
- 35,0km
1. mai, dagen til arbeidarane. Dagen er i sosialistisk ånd, raud på kalendaren, slik at ein står fri til ikkje å arbeide i det heile tatt denne dagen. Derfor reiste eg til fjells. Eg reiste tidleg, for eg visste at skiføret raskt kan endre seg frå skarp skare til blaut, sugen slaps etter kvart som sola får virke. Det hadde vore kaldt om natta så skiføret var akkurat slik ein kan ynskje seg i mai. Etter skiknekken i mars, hadde eg bare skøyteski. Skare og skøytestil er ein svært fin kombinasjon der det ikkje er alltfor bratt. Eg har skøyta opp på skarvet ein gong før, og den gongen bestemte eg meg for at det skulle vera den siste. Det blir for bratt og for langt med glatte ski. Like bortafor Reinedelet såg eg nokre rare ujevnheitar i snøen. Fyrst tenkte eg at det var ei bikkje >>>
Reineskarvet april 1999
- Datum:
- 02.04.1999
- Tourcharakter:
- Skitour
- Entfernung:
- 23,0km
Før eg skulle reise heimatt frå Lauvdalen, hadde det vorte april. Dagen eg skulle reise heimatt starta eg med å rydde opp etter meg, vaske opp og sope golvet. Vêret var betre att med sol, men det var fortsatt varmt. Før eg skulle gå heimte, bestemte eg meg for å gå ein liten tur bortover. Ved Skarvanstølen svinga eg oppover mot Hestebotn i håp om at eg skulle koma opp i kaldare snø der. Ovanfor kroken kom eg i klammeri med nokre byfolk (Byfolk blir ofte brukt som samlebegrep på turistar som oppfører seg som ..., ja nettop det. Byfolk treng altså ikkje nødvendigvis vera frå ein by.) som ikkje respekterte båndtvangen. Etter mykje diskusjon og meir og meir stygge ord frå mi side, gav eg opp. Eg håpar byfolka syntes det var så ubehageleg at dei oppfører seg betre i framtida >>>
Reineskarvet mars 1999
- Datum:
- 31.03.1999
- Tourcharakter:
- Skitour
- Entfernung:
- 25,0km
Eg har brukt å vera nokre dagar på Lauvdalen kvar påske dei siste åra. Dette året vart ingen unntak i så måte. Når eg er der, er det alltid freistande å leggje ut på skiturar som blir noko lengre enn skiturane brukar å vera. Denna dagen starta på Lauvdalen. Med det fine vêret bestemte eg meg for å gå nord skarvet. Kor eg skulle løype ned att, var ikkje heilt bestemt, men eg hadde svært lyst til å løype ned i Skålen. Det låg altså an til ein lang dag ute. Eg var ikkje svært tidleg ute, men eg hadde heller ingen hast til kvelden, og eg hadde med meg niste for ein heil dag ute. På turen oppover fjellbakkane merka eg raskt at det ville verte ein fin dag. Det vara ikkje lenge før eg måtte leggje meir klede ned i sekken. Ovanfor varden såg eg at eg ikkje kom til å vera fyrstemann >>>
Reineskarvet februar 1999
- Datum:
- 07.02.1999
- Tourcharakter:
- Skitour
- Entfernung:
- 30,0km
Etter ei veke med utprega uvêr, var det endeleg duka for finvêr og skiføre ein bare kan drøyme om i påska. Etter å ha gått opp Breadalen laurdagen, var turen kome til skarvet. Uvêret som hadde vore, var av det slaget som drog med seg mildvêr og sludd. Snøen dekte derfor alt som vendte vestover. Mildvêret var reist vidare med uvêret, og etterlate fjellet med mange kuldegrader. Dette gjorde at snøen var hard som is, så turen frå Randan til Fiskeløkhovda gjekk raskt med delvis skøytestil. Heimafor Fiskeløkhovda byrja det å stige til vêrs så no tok eg fram smurningen og kladda ordentleg under. Skal ein gå på skarvet, er det ingenting som heiter for godt feste. Vestavêret hadde gjort at bakkane her austanfor skarvet var dekka av eit fint lag trå drevsnø. Trå snø er ikkje >>>