Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Snøfjellet

Datum:
25.06.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
9,4km

Somarens første tur i småsko blei lagt til Snøfjellet ovanfor Søyadalen, ein rett så fin topp skulle det vise seg. Inn forbi den idylliske Mellingsetra og Vassendsetra finn ein etter kvart skilt opp lia mot Snøfjellet og Trollhøtta, og opp hit går det ein fint og lettgått sti. Eit lite hinder var det derimot at det i forbindelse med skogsarbeid har blitt lagt ein slags veg bortover lia, som kan gjere det litt utfordrande å finne kor stien går vidare opp lia herifrå. Vi endte med å gå feil og følgje denne vegen til endes, men etter å da snu og gå tilbake lans vegen fekk vi etter kvart peila oss inn på stien og blå merking opp lia. Vel opp over tregrensa går ein ganske raskt av stien som fortsett inn mot Trollhøtta, og siktar seg inn på toppen av Snøfjellet. Framleis ein >>>

Karte    

Losby - Kurland

Datum:
13.06.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
20,3km

Vårens siste langtur for å samle inn nokre toppar i Austmarka. Alternativ variant til den klassiske "rundturen" denne gongen, med skyss inn til Losby og endestasjon ved stuedøra. Frå parkeringa på Losby bar det innover på grusvegen forbi Mønevannet og over demninga inne ved Tangen. Fin sti rundt til ein kjem inn på grusvegen att. Inne ved dalen som går opp nedanfor Ottedagersåsen var det eit svakt tråkk som det gikk greit å følgje. Opp på Ottedagersåsen og dagens første topp. Ned i ikkje alt for tett skogsterreng til Nordre Bjørtjern, rundt på nordsia og inn i ein stor granskog. Fann etterkvart ein sti som går langs bekken gjennom her i retning Mørkåshøgda og dagens andre topp. Deretter var det berre å bane seg veg brattlendt nedover i dalen og opp på andre >>>

Karte    

Marikollenslottet

Datum:
02.06.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
5,7km

Bjønnåsen

Datum:
24.05.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Karte    

Runde fra Losby

Datum:
16.05.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
23,4km

Planglagt løpetur innover frå Losby blei kombinert med sanking av koller og åser i området. Langs grusveg opp mot Fiskelaushytta (pessimistisk tittel) før eg tok av nord opp skogslia langs eit tydeleg tråkk rett før ein kjem heilt inn til hytta. Fulgte tråkket heilt inn til Lusetjern kor eg kryssa bekken og runda rundt berget før eg fant ei fin oppstigning til Romsås og dagens første topp. Ned att same veg og rett opp på andre sida til Mønekollen. Peila meg herifrå inn på masta som står noko sør for Mønekollen, og herifrå går det skogsveg ned mot Arndalen. Denne fulgte eg eit stykke ned før eg tok rett inn sørover og gjennom granskogen til eg møtte på vegen som ender inne ved Drettvannet. Herifrå var plana opprinneleg å ta stien som i følge kartet går over Skålsjømyra >>>

Karte    

Langmyråsen og omegn

Datum:
09.05.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
17,0km

Løpetur langs stigane i Østmarkas nordaustlege region, med Langmyråsen som mål for å korte ytterligare ned på lista over østmarkas 40 høgste. Ruta blei lagt inn til Ramstadsjøen og opp om Hektnerhøgåsen for å få litt høgdemeter i beina, i tillegg til avstikkarar til Trestilåsen og Høgåsen. Førstnevnte var eit fint utsiktspunkt, sistnevnte var heller meiningslaus, men kva gjer ein ikkje for ei nål ekstra. Ingen sti opp til Langmyråsen, heller ikkje noko markering på toppunktet, men greit nok. Ned på vestsida kjem ein inn på fin sti ned mot Marikollen. Retur same veg som opp, om Åmotdammen og ned til Kurland.

Karte    

Haukåsen og Puttåsen

Datum:
29.04.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
8,1km

Start ved Lindeberg, nærmare bestemt parkeringa ved Ole Reistads vei. Her finn ein skilt til Haukåsen som les 3,4 km langs blåmerka rute. Fin sti og tydeleg merking heile vegen. Artig å være oppe ved "golfballen" ein ser frå så mange vinklar om ein held til i Oslo-området. Vidare tilbake over høgda til ein kjem inn på stien som går tilbake ned til Lindeberg, men først måtte det bli ein avstikkar opp til Puttåsen. Ikkje noko særleg markert toppunkt, men ein ser kor det er. Ned att til ein møter stien ein fulgte opp. Overraskande tørt i terrenget til tross for litt nedbør den siste tida. Fin runde!

Karte    

Svartåsen og Kjerringhøgda

Datum:
21.04.2020
Tourcharakter:
Fußtour

Med ønske om eit passande utsiktspunkt for kveldens solnedgang blei det køyrd bil i retning Siggerud, og opp til Raudsjøvegen p-plass. Medan vi venta på at sola for alvor skulle sette i gong fargespelet gjekk vi opp til Svartåsen, før vi returnerte ned vegen og tok av opp til Bysetra og Kjerringhøgda. Fint og sollid branntårn på toppen som tilbyr vidt åsyn utover markene, og solnedgangen i vest.

Karte    

Runde rundt Halsjøen

Datum:
19.04.2020
Tourcharakter:
Fußtour

Ein av fleire finversdagar bydde opp til ein lengre tur i Østmarka, denne gongen med utgangspunkt frå Skulerud, kor det blir vist til parkering ved Fredheim skole. På grusveg innover mot Skulerud gård, kor veg blir til sti og turen byrjar. Oppover i granskogen i retning Knuttjern går det sti i fleire retningar, og det blei litt undring over vegen før eg endte opp ved kraftlinja som går over ei høgde aust for Knuttjern. Derifrå tok eg meg ned i nordvestleg retning og endte til slutt opp på vegen heilt ved nordenden av det nokså idylliske tjernet. Derifrå fulgte eg vegen opp til dens høgste punkt, kor eg tok av og byrja på stigning opp mot Haugerkollen og dagens første topp. Ingen sti å finne her, men overraskande framkomelege, og dette skulle bli gjengangeren for dagens mange >>>

Karte    

Marikollenslottet

Datum:
18.04.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Karte