Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Blåfjellet
- Datum:
- 13.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Rundtur opp om Blåfjellet over Settemsdalen, med start og slutt frå Rognskog P-plass. Skilta opp til Blåfjellet langs fin skogsveg (til venste ved første og einaste vegkryss) som etter nokre hundre høgdemeter går over til blåmerka sti. Passerar ei hytte på høgre side, og følgjer tråkket som slanger seg opp til Klumptjønnhaugen, kor det står ein orienteringspost. Herifrå vidare opp over det store flate platået frå Blåfjellet nordøst til Blåfjellets hovudtopp. Fabelaktig panoramautsikt med mektige fjellrekkjer i sør og fjord, hav og stabbar i nord. Sola skinande bak eit tynt skylag skapte ei herleg ramme for kveldskaffen. Nedtur vidare på sti på vestsida, innom nok ei hytte og nordover om Grønbrona ved Bekkervatnet. Herifrå knota følgjet litt med å finne tråkk og blåmerking. >>>
Fossafjellet
- Datum:
- 08.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Mens ein ventar på at dei større toppane i området skal kvitte seg med siste rest av snø og is, benytta eg og to andre anledninga til å besøkje ein av dei mindre toppane denne dagen. Med start frå P-plass ved oppstigninga til Kristianvarden i Kvenndalen tok vi oss over Kvenndøla via brua, og fulgte blåmerking inn til Kvennbøsetra. Herifår tok vi nedover og kryssa Fossåa, og fulgte derifrå terrenget rett opp mot første varde. Derifrå viare opp mot det høgste punktet, før vi fekk auge på storvarden som står heilt på kanten mot nord-vest. Lang og god rast i vakkert pinsevêr med utsikt mot både fjorder og fjell. Retur same veg.
Honnstadknyken - Sesongåpning
- Datum:
- 05.06.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
Barmarksesongen blei uoffisielt åpna denne vakre somardagen med tur opp til Honnstadknyken. Overraskande fine og tørre forhold heile vegen opp til toppen, og berre ein tre-fire mindre snøfelt måtte passerast før vi tørrskodd kunne skrive oss inn i toppboka for første gong i år. Medbragt kake og leske frå Frydenlund bryggerier markerte begivenheten. Utover Trollheimen kunne vi beskue kjente og kjære topper som fortalde historia om ein variabel vår der dei låg framleis glaserte av kvite fonner. Ikkje mange av dei store bydde endå på bestigning med småsko, men utsikta var likevel like innbydande som alltid. Ein fin start på det som forhåpentligvis blir ein begivenheitsrik topptursesong.
Honnstadknyken
- Datum:
- 30.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Rognnebba med omliggende fjell
- Datum:
- 10.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ein langtur for minneboka. Med sykkel frå Vindøldalen P-plass inn til skilting mot Eiterdalen, og enda litt vidare over brua. Derifrå sette tannlegen marsjtempo og trødde sti, så det var berre å ta los. Rett opp mot lia av Styggelifjellet, som følgjet konkluderte med fortjente navnet sitt. Vel opp lia var det fint vidare til det høgste punktet. Derifrå litt nordover for å kome opp på ryggen til Fruhøtta. Over toppen og vidare ned på sørsida langs ryggen mot Pekhøtta. Mellom 1195 og 1187 bratt ned til Nordåbotn og vidare opp til det lågaste punktet mellom Botnnebba og Rognnebba. Raskt besøk opp på Botnnenbba før dagens hovudatraksjon, Rognnebba, blei bestege. Høg og mektig ragar ho, og kan utover majestetisk positur skilte med å konkurrere med Neådalssnota om tittelen >>>
Hornet/Hovenmannen
- Datum:
- 08.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Turen som tidlegare blei lagt til Kalknebba var meint å skulle kombinerast med bestigning av Hornet frå Rysskaret, men glatt ur og meir snø enn venta satt ein stoppar for det den gongen. Derfor passa det no godt med eit nytt forsøk i selskap med andre. Langs T-merka sti inn til Dalasetra. Kryssa Serkja over ei lita bru, og gjekk stien opp til Serkjedalen langs nordsia av fossen. Tok tidleg av nordover og fulgte ryggen opp til Hornet/Hovenmannen. Ned att mot Serkjedalsvatnet for påfyll av vatn frå Serkja sitt utspring. Fulgte dalen ned att til fossen, og vidare ned til setrene. Siste delen av returen bar preg av eit følgje på fire med tunge bein, og praten gjekk laust om kva måltid som skulle nytast til kvelds.