Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Honnstadknyken
- Datum:
- 30.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Rognnebba med omliggende fjell
- Datum:
- 10.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ein langtur for minneboka. Med sykkel frå Vindøldalen P-plass inn til skilting mot Eiterdalen, og enda litt vidare over brua. Derifrå sette tannlegen marsjtempo og trødde sti, så det var berre å ta los. Rett opp mot lia av Styggelifjellet, som følgjet konkluderte med fortjente navnet sitt. Vel opp lia var det fint vidare til det høgste punktet. Derifrå litt nordover for å kome opp på ryggen til Fruhøtta. Over toppen og vidare ned på sørsida langs ryggen mot Pekhøtta. Mellom 1195 og 1187 bratt ned til Nordåbotn og vidare opp til det lågaste punktet mellom Botnnebba og Rognnebba. Raskt besøk opp på Botnnenbba før dagens hovudatraksjon, Rognnebba, blei bestege. Høg og mektig ragar ho, og kan utover majestetisk positur skilte med å konkurrere med Neådalssnota om tittelen >>>
Hornet/Hovenmannen
- Datum:
- 08.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Turen som tidlegare blei lagt til Kalknebba var meint å skulle kombinerast med bestigning av Hornet frå Rysskaret, men glatt ur og meir snø enn venta satt ein stoppar for det den gongen. Derfor passa det no godt med eit nytt forsøk i selskap med andre. Langs T-merka sti inn til Dalasetra. Kryssa Serkja over ei lita bru, og gjekk stien opp til Serkjedalen langs nordsia av fossen. Tok tidleg av nordover og fulgte ryggen opp til Hornet/Hovenmannen. Ned att mot Serkjedalsvatnet for påfyll av vatn frå Serkja sitt utspring. Fulgte dalen ned att til fossen, og vidare ned til setrene. Siste delen av returen bar preg av eit følgje på fire med tunge bein, og praten gjekk laust om kva måltid som skulle nytast til kvelds.
Storsalen og Somrungnebber
- Datum:
- 04.07.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Runde rundt om Somrungnebbene og Storsalen. Start frå Fale bru og oppover lia i morgontåke. Vel oppe flatt i retning mot Tverrådalen, og forbi dei to hyttene som ligg her. Eigaren av den eine møtte eg vel nede igjen ved Fale bru. Han kunne rapportere om dårleg fiskelykke i Driva denne dagen. Går inn til vatnet 1061, og går av stien østover opp mot ryggen av Litlsomrungnebba sørvest. På tur oppover byrja tåka å lette, og Sunndalen åpenbara seg i det ein vakker sommardag tek til. Lettgått ur opp mot toppen. Frå toppvarden går eg litt tilbake før eg rundar ned på vestsida og inn på ryggen mellom Litlsomrungnebba sørvest og hovedtoppen. Litt klyving for å kome seg ned, og noko sleip mose, men ikkje av sorten som byr på store vanskar. Fint opp mot Litlsomrungnebbas hovudtopp. >>>
Kringlehøa
- Datum:
- 06.06.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Dagens duo hadde opprinneleg planlagd å forsøke seg på Hesten frå Grasdalen, men nysnø frå natta i førevegen satt ein effektiv stoppar for turen som er utfordrande nok sjølv på tørre forhold. Alternativet blei Renndølskamman og Kringlehøa, ein tur som skulle vise seg å overgå forventningane til begge i turfølgjet.
Etter å ha passert Renndølsetra kryssa vi brua over Renndøla og tok fatt på stien opp til Renndalen. God sti heile vegen etter kvart som det flata ut innover dalføret. Eit stykke før Renndalsvatnet tok vi av stien og gjekk nokså rett opp lia til ryggen av Renndølskamman. Vidare ned og oppatt på Kringlehøa. Returen gjekk ned til lavaste punkt mellom Renndølskamman og Kringlehøa, og derifrå ned til Langvatnet, for så å følgje strandkanten til vi traff på >>>
Børsetkjerringa og Viromkjerringa
- Datum:
- 02.06.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Opp til postkassa på Børsetkjerringa frå Børsetlauvet, og over til det høgste punktet. Ned mot Litlråkvatnet og opp på Viromkjerringa. Ned att mot Kjerringvatnet og via raudmerka sti tilbake til Børsetlauvet. Totalt sju i følget, ein av dei avbilda nedanfor, med både dronning, hest og troll i bakgrunnen.
Stortuva
- Datum:
- 19.05.2018
- Tourcharakter:
- Fußtour
Start frå hyttefeltet ved Steinsvoll og langs vegen opp til Kroken. Derifrå opp til Halsakammen og vidare via Vardhaugen bratt opp på ryggen til Stortuva. Flott dag og overaskande tørt underlag. Totalt fem i følgjet, med tre av dei avbilda under midt i ein kort rast ved Vardhaugen.
Honnstadknyken
- Datum:
- 10.10.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
Start i mørket med hodelykt i håp om å få nyte ein soloppgang over bygda. Blei vakre scener!
Grøvelnebba
- Datum:
- 10.09.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
Om Seterhaugen og Øverhaugløa. Ei rute ingen av følgjet på tre vil anbefale nokon andre å ta fatt på. Etter å ha kome opp til Øverhaugløa bestemte vi oss for å traversere lia på skrå oppover i retning Grøvelnebba, slik nokre av turrapportane vi hadde lest beskreiv det. Dette ble lite hyggeleg, og utan sti og med tett kratt blei det dryge meter før vi sto under oppstigninga til Grøvelnebba. Herifrå skifta derimot turen karakter, og fin og morosam klyving til toppen gjorde godt for humøret. Fantastisk utsikt ned til Sunndalen og utover fjorden heile vegen opp. Eit forsøk på ei litt anna rute ned gav ikke mykje betre resultat enn turen opp, og vi ankom bilane godt oppripa av småbjørk og anna uvenleg vegetasjon. Moralen blei: Grøvelnebba er eit vakkert fjell vel verdt eit >>>
Store trolla - størst i Trollheimen
- Datum:
- 03.09.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
Store Trolla, høgste fjellet i Trollheimen, har både form og karakteristikk ein konge verdig. Med krona lagt pent frå seg rett vest over Grasdalen, rager Trollheimens hersker spiss og massiv opp mot himmelen. Få topper freister vel meir i Trollas heim enn Trolla sjølv, og fleire i tillegg til undertegnende hadde lenge lengta etter å kunne beskue Nordvestlandet herifrå. Derfor var det enkelt å svare ja da forespørselen kom om ein ikkje skulle spikre saman eit turlag og sette seg Trollheimens tak som mål. Rundt klokka 9 ein solfylt søndags morgon mønstra fem mann nede ved Hoåsbrekka, med eitt mål for auge.
Opp Hoåslia langs tydeleg, men til dels smal og delvis grasdekt sti, som skulle vise seg å sette både balanse og tolmod på prøve når ein 10 timar seinare skulle forsere same >>>