Frå Lønset til Gjøra (29.07.2022)
Besteigungen | Ekkertinden (1.189m) | 29.07.2022 |
---|---|---|
Gjerdhøa (1.560m) | 29.07.2022 | |
Gjørashaugen (666m) | 29.07.2022 | |
Graslitinden (1.523m) | 29.07.2022 | |
Kråkvasstinden (1.700m) | 29.07.2022 | |
Roksdalskammen (1.590m) | 29.07.2022 | |
Svartdalskollen (1.612m) | 29.07.2022 | |
Svorundfjellet (1.647m) | 29.07.2022 | |
Sæterhaugen (1.034m) | 29.07.2022 | |
Sæthøa (1.416m) | 29.07.2022 |
Ein uvanleg fin julidag på Nordmøre måtte benyttast til det fulle, og med litt logistisk planlegging hadde vi på formiddagen fått plassert ein bil nede ved Gjøra kapell og ein oppe ved Horvlia p-plass, kor i tillegg to turgåarar stod klare med snørte sko. Med lett oppakning bar det oppover eit system av stier i retning dagens første smultring, Sæterhaugen. Mange stier i dette området, nokon trødd av folk, andre av fe - eg anbefaler den trødd av folk.
Vel oppe på Sæterhaugen var det slutt på sti, men terrenget var oversikteleg og ikkje spesielt ugjestmildt, så det blei enkelt staka ut ein direkte kurs opp til Sæthøa og vidare til Gjerdhøa. Herifrå langs ryggen opp til Svorundfjellet og vidare bortom Roksdalskammen, før det på nytt blei staka ut ei relativt direkte rute, og dagens høgste topp stod for tur. God rast oppe på Kråkvasstind, med flott utsikt innover alle av Trollheimens ulike regioner.
No var mesteparten av motbakken unnagjort, men framleis gjenstod det ganske mange kilometer. Desse tok oss vidare over Svartdalskollen og til slutt opp på Graslitinden og dagens siste smultring. Herifrå ein meir omfattande etappen enn venta ned til Ekkertind, men strevet blir fort gløymd når ein får servert slike storslåtte scener. Fotoseanse ved nordvestlandets Preikestol, og ned ein mildt sagt spektakulær sti rett ned til Gjøra kapell for å konkludere ein flott a-til-b-tur i Trollheimens ytterkant.
Benutzerkommentare