Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Storehogjen

Datum:
28.01.2024
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
14,4km

Skitur på gamle skispor. kombinasjon av skare og blautt.

Karte    

Strålande skitur på Utvikfjellet

Datum:
14.01.2024
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
14,5km

Etter gårsdagens litt tunge tur opp på Nordheia, sjekka eg værmeldingane. Det kunne sjå ut til at det ville bli bra ver på Utvikfjellet. Det skulle være skidag på Langeland, og det frista lite å kjempe om skiløypene der. Turen vart difor Utvikfjellet. Lite bilar på parkeringsplassen og strålande solskinn. Denne turen var det berre å nyte. Lite folk i løypene, noko som forundra meg ettersom været var så bra og nypreparerte løyper. Kosa meg på toppen av Snøfjellet med litt lunsj, før eg tok returen til bilen via Flølostølen. Kosa meg kvart minutt på vegen.

Karte    

Skitur

Datum:
02.01.2024
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:07h
Entfernung:
6,5km

Framleis ein del vind, så då blei valet skitur i Årdalsdalen for å teste løypene der. Fin skiløype for store og små.

Karte    

Fauskeløypa rundt - årets siste tur

Datum:
31.12.2023
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:28h
Entfernung:
18,0km
Karte    

Fauskevarden på ski

Datum:
30.12.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
6,7km

Litt lettare å gå opp til toppen på grunn av det var avblåst og ikkje fullt så mykje laussnø. Litt meir utfordrande nedover av samme grunnen. Måtte prøve å unngå dei avblåste partia.

Karte    

Gjøset

Datum:
28.12.2023
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
11,5km

Når det er litt vel mykje vind til å gå på topptur, så er det greitt med ein langrennstur. Sjølv om eg ikkje akkurat er noko racer i skisporet.

Karte    

Sesongens første fjellskitur

Datum:
27.12.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
1:38h
Entfernung:
6,1km
Karte    

Fauskeløypa rundt

Datum:
03.12.2023
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:36h
Entfernung:
18,1km
Karte    

Bjørnaholtløypa

Datum:
27.11.2023
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
9,6km

Karte    

Storholsheia og Langhamrane

Datum:
07.05.2023
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:03h
Entfernung:
14,7km

Tok med meg både truger, fjellsko og fjellski på veg mot Høyanger og målet var Storholsheia. Då eg parkerte ved Siplo fann eg ut at det kunne sjå ut til at det var nok med snø, så då blei valet fjellski. Gikk eit stykke oppover før eg tok på skia og fulgte skispor opp til toppen av Storholsheia. Nydeleg å gå på fjellski. Jamn stigning utan at det vart for bratt. På returen hadde sola teke så pass at det var litt slush. Men ettersom eg ikkje er så glad i raske bakkar, så passar det meg bra. Ein liten tur oppom Langhamrane på returen i tillegg til Vassdalsvatnet og Hjetlandsstølen. varmt og godt i sola i dag.

Karte